Frå radiogudstenesta i dag beit eg meg merke i ordet nådeglimt. Eg måtte skrive det ned og grunne litt på det. Det var prost Liv Berg Krohn-Hansen som talte og bortsett frå salma Det er navnet ditt jeg roper, er det ikkje mykje som sit att. Slik er det gjerne med tale, det svirrar forbi. Ein sang kan sitte lenger.
Når vi var i det filosofiske hjørnet kunne eg og Øystein av og til grunne på at konene våre heldt ut med oss. Eg trur nok at vi der og då hadde eit nådeglimt i andre etasje i det gamle kommunehuset i Valle. I den tida burmesiske flyktningar var hos oss, hadde vi det også når dei song for oss. Då merka vi at evangeliet om nåden i Jesus Kristus hadde funne veg til skogane nord i Myanmar så vel som til fjella i Norge og Setesdal.
Av og til prøver eg å skrive litt om prestar og misjonærar på Setesdalswiki. Der skal eg skrive leksikon, så der blir det lett nokså tørt stoff, men også der kan liv og teneste gje meg eit lite glimt av ein person som har stått i nådens teneste i livet og slik gitt nådeglimt til dei han eller ho møtte. Det såg eg også då eg siste veke las boka Det norske baptistsamfunn 150 år. Det var mange glimt av nåde som kom fram der.
Mange har også sunge om dette, men eg trur ikkje ordet nådeglimt er brukt i ein sang. Men sangen Som en strøm av nåde seier noko om det same: