Musikk i mørketid

Share

I dette programmet, som eg sende tysdag 22. november klokka 19:30, presenterte eg musikk av Sigmund Groven, Arve Tellefsen og Sondre Bratland.

1. Om kvelden, frå Groven: Til fjells, SCD 15086
2. Om kvelden, frå Tellefsen: Pan, IDCD 3
3. Gabriels obo, frå Tellefsen IDCD 3
4. Snø og granskog, frå Groven SCD 15086
5. Kveldsbøn, frå Bratland Syng meg heim, FXCD 289
6. Gjev meg handa di ven, frå Bratland FXCD 289

Diktet Snø og granskog av Tarjei Vesaas finn du her: http://tinyurl.com/8lpxf

Harald

Kongebøker på biblioteket

Share

Eg spurde biblioteksjef Lisbeth D. Homme om ho hadde bøker om dei kongelege på biblioteket. Ho kunne då fortelje at ho hadde mange bøker om dette temaet. Her er ei liste med Olav V som tema.

1. Olav : menneske og monark
948.105; Benkow, Jo; 1991 (Valle hovudbibliotek)

2. Fra et folk i takknemlighet
948.105; 1991 (Valle hovudbibliotek)

3. Gla’kongen Olav den blide
948.105; Holm, Yngvar; 1987 (Valle hovudbibliotek)

4. Kongen og folket : En hyllest til kong Olav V.
948.105; 1984 (Valle hovudbibliotek)

5. Kongen på kirkevei
948.105; 1986 (Valle hovudbibliotek)

6. Kongen ser tilbake
948.105; Wig, Kjell Arnljot; 1977 (Valle hovudbibliotek)

Det var også tre bøker om Haakon VII

1. Haakon og Maud
u948.105; Bjørkøy, Vigdis; 2003 (Valle hovudbibliotek)

2. Haakon & Maud. B.2. Folket
923.148; Bomann-Larsen, Tor; 2004 (Valle hovudbibliotek)

3. Haakon VII : Menneske og monark
948.105; Greve, Tim; 1980 (Valle hovudbibliotek)

Men ho kunne fortelje at det ikkje var mange som lånte desse bøkene, så nye bøker om temaet hadde ho ikkje kjøpt inn. Om ho skulle kjøpe inn nokre av dei bøkene som var komne ut i år, måtte det i alle fall vere folk som spurde etter dei.

Vi snakka om to av desse bøkene, dei var omtala i Vårt Land. Den eine, Dronning Margrethe, finn du her: http://tinyurl.com/bjwbs
Den andre, Kongen og katten er ei biletbok. Den er også omtala i Vårt Land, http://tinyurl.com/87ocz

Men Lisbeth kom ikkje til å kjøpe dei inn, trudde ho.

Brageprisen
Lisbeth hadde nettopp lese den boka som vann Brageprisen i klassa for skjønnlitteratur, Forestill deg av Marita Fossum, så ho fortalde om den, den har ho på biblioteket. Dei fleste andre prisvinnarane hadde ho også, eller så kom ho til å få dei i nær framtid. Her er lista over dei som vann Bragepris 2005: http://www.bokogsamfunn.no/Nettutgaven/115363

I Valle låner ikkje vaksne folk teikneseriar , det var ein teikneserie som vann prisen i open klasse, men den trudde ikkje Lisbeth ho kom til å få inn.

Harald

St. Olav til Kirsten Bråten Berg

Share

Det var stor stas på Setesdalsmuseet tysdag 22. november då sølvsmed og kvedar Kirsten Bråten Berg fekk St. Olavs orden. Fylkesmann Hjalmar Sunde heldt ein flott tale, som vi sende i Valle radio onsdag 23. november 2005 i Nyhetstimen; heile timen var vigd til dette temaet. Her er link til meldinga om dette på fylkesmannen i Aust-Agder si heimeside,
http://tinyurl.com/96cjn
og nederst er det ein link til sjølve talen.

I programmet kunne du og høyre ordførar Steinar Kyrvestad, fylkesordførar Oddvar Skaiå og leiar i Setesdal Regionråd, Knut A. Austad. Kirsten og Arild Andersen heldt ein minikonsert der dei spela fleire stykke som var henta frå plata Arv og andre plater dei har laga saman. Solfager og Ormekongjen, Laurdagskveld, Gardsjenta, fleire stev og Me skal bryggje til jol, som avslutta konserten.

Staben i Valle radio sluttar seg til gratulantane. Mange av talarane bar i helsingane fram takk for at Kirsten har engasjert seg så mykje i lokalt arbeid sjølv om ho er stjerne både nasjonalt og internasjonalt. Ho vart omtala som Setesdalsmuseet si mor av styrar Anna Stella Karlsdottir.
http://www.setesdalsmuseet.no/

Frå oss i Valle radio vil vi spesielt trekke fram programmet ho laga då vi samla inn pengar, 238.000, til Strømmestiftelsen sitt arbeid på Sri Lanka i samband med tsunamien i jolehelga 2004-05. Kirsten mobiliserte folk til å vere med og lage program ein fredagskveld på nyåret 2005. Kommunestyresalen var gjort om til studio og i radiolokala sat folk og noterte ned etter kvart som folk kjøpte lodd. Dette kan du lese om her: http://tinyurl.com/877uh

Då eg ikkje kunne vere i radioen onsdag kveld, måtte eg leggje opptaka inn på ein minidisk som fylte heile timen. Det var første gong eg gjorde det på denne måten, og eg var svært spent på korleis det gjekk, men dei eg har snakka med etter sendinga, har ikkje meldt frå om problem, så eg vonar det fungerte.

Harald