Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 16.11.2005

Share

Fyrste mann ut i kveldens sending var Tarald Trydal frå Setesdalslaget i Oslo, som no skal leggjast ned etter 60 år. Unge folk kjem ikkje på møtene, no var dei mellom 70 og 90 år. Tinga som laget har hatt, mellom anna ei fane, skal dei levere til Setesdalsmuseet.

Så gjekk Hallvard Kjelleberg til fjells og fekk Tom Kvinlog i Hovden Skisenterpå tråden for å snakke litt om førebuingane til vintersesongen på Hovden. Deretter hadde han ein prat med Jan Woitacek i Brokke Alpinanlegg om same temaet. Begge håpar at sesongen kan starte første helga i desember, og ettersom det er kaldt no, kan dei produsere snø med snøkanonar.

Som tredje innslag hadde han ein prat med Geir Osmund Wehus i Kreftforeningen region Agder om jobben. Wehus var pleie- og omsorgsjef i Valle i over åtte år før han for halvanna år sidan flytta tilbake til Øvrebø, der han vaks opp.

Til slutt fortalde Ragnar Ås om Jolemessa på Rysstad, som skal vere 19. november, og der målet er å få inn 300.000 kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband. I år er det Gunnar Hamnøy som skal tale og Søgne Kristelege Song og Jaktlag som skal syngje, eit mannskor på 30 medlemmer.

Alle innslaga denne kvelden var på telefon.

I forhåndsannonsen av programmet her på bloggen stod det at ein skulle prøve å få med Jorunn Stiansen for fortelje om korleis det var å få ein dialektpris. Korkje ho eller NK i Valle sparebank, Torleiv Hovet, vart med i sendinga.

Fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen i Valle kommune kom klokka 19 og kunne fortelje at kommunens budsjett for 2006 no var vedteke av formannskapet og difor torsdag 18. november skulle leggjast ut på dei faste plassane i kommunen til gjennomsyn. Ho gjorde også greie for rammer og tiltak som ligg inne i framlegget, som kommunestyret skal vedta før jol.

Desse 90 minutta frå 1800 til 1930 var krydra med variert musikk. Wenche hadde som vanleg med seg tysk musikk, noko vi ikkje høyrer så ofte i Valle radio.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *