Ei musikkhistorisk vandring

Share

I 1703 fekk Johann Sebastian Bach stilling som organist i Arnstadt. Han var bare 18 år, men alt då var han ein habil organist. Då han hadde vore der i to år, fekk han permisjon i 4 veker for å reise til Lübeck og høyre den store orgelvirtuosen Dietrich Buxtehude spele. Han var ein gamal mann, 68 år, men hadde ei konsertrekke seint på hausten som det gjekk gjetord om.

Truleg fekk Bach høyre det stykket vi sender fyrst i kveld, Buxtehudes Preludium i E-dur, BuxWV 141 då han var i Lübeck denne hausten.

Å gå frå Arnstadt til Lübeck tek si tid, det er 40 mil, så det er ikkje unaturleg at Bach tykte han fekk for kort tid i Hansabyen. Han blei der i 4 månader i staden for 4 veker.

Bach hadde ein eigen evne til å suge opp andre sine komposisjonar. I Postludium tysdag 15. november 2005 høyrde vi Bach: Preludium og Fuge i Ess-dur, BWV 552, spelt på orgelet i Martinikerk i Groningen av organisten Andreas Liebig, som var i Valle i haust og spelte i eit orgel- og folketone-program saman med Halvor Håkanes i Valle kyrkje. Særleg fugen har mykje likt med Buxtehudes verk. Temaet her liknar på melodien til salma Gud når du til regnskap kaller, på engelsk heiter melodien St. Anne etter komponisten Walter Croft, som var organist i St. Anne-kyrkja.

Liebig fortel på coveret til plata si at verket er det siste av dei frie verka til Bach, han publiserte det sjølv i 1739 som ein del av «Dritter Teil der Klavierübung.»

Element til kommentarane til dette programmet henta eg for ein stor del frå ein artikkel av Ove Kr. Sundberg i Aftenposten 2. oktober 2005. Link til denne finn du her:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article1125859.ece

Eit av måla med turen var truleg for Bach å finne ut om han skulle prøve å få stillingen etter Buxtehude, men det gav han seg på. For å få den måtte han gifte seg med dottera til Buxtehude, som truleg var dobbelt så gamal som Bach og neppe gjorde noko godt inntrykk på 18-åringen.

Vel heime måtte han tåle sterk kritikk av sin arbeidsgjevar, men i Lübeck fekk han rike impulsar til si seinare gjerning.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *