Krypsiv i Otra

Share

Dette er eit stort problem, og det er aukande. I mine sendingar har eg fleire gonger hatt besøk av Torjus Uppstad, VAFA, og Tom Arild Homme, som no er engasjert som prosjektleiar for innfrysingsprosjektet som er planlagt til vinteren.

I kveld, onsdag 2. november 2005, hadde eg ein samtale med kraftverksdirektør Reidar Ove Mork på telefon og dagleg leiar i VAFA, Torjus Uppstad, i studio. Bakgrunnen var to lesarinnlegg i Setesdølen, det eine frå tysdag 1. november av Uppstad, det andre frå fredag 28. oktober frå ei rekkje naturorganisasjonar under paraplyen Forum for Natur og Friluftsliv i Agder. Dei krev at ansvaret for krypsiv i elva blir plassert hos regulanten og at myndigheitene må ta ansvar og nytte dei verkemiddel som er naudsynte for å stoppe prosessen med tilgroing i elvane.

Mork gjorde greie for at det er etablert eit fond på 21 millionar kroner. Avkastninga av dette fondet skal nyttast til kampen mot krypsiv. Han meinte at det ikkje bare er reguleringa som er skuld i tilgroing, men at sur nedbør og har medverka til den negative utviklinga. Problemet er ikkje så stort i Bykle kommune, med unntak av eit område ved Bjørnarå, kanskje på grunn av mykje steinbotn i elva der. Men lenger nede, der det er sandbotn, er det stader med mykje krypsiv og flôtgras. Innfrysingsprosjektet nedstrøms Brokke og eit prosjekt i Vennesla er tiltak som står på planen i år og neste år.

Torjus Uppstad bad om orsaking for at han i 2001 melde regulanten for miljøkriminalitet, noko som han ikkje skulle ha gjort. Det var ikkje grunnlag for dette, og saka vart lagt bort av politiet. Torjus fortalde om bakgrunnen for at han gjorde det i sendinga i kveld og seier han lærte mykje av denne saka.

Han meiner vidare at kommunen må på banen i positivt samarbeid med regulanten om vi skal få resultat i denne saka, og at kommunen må erkjenne delansvar, noko dei ikkje har gjort til no.

I sendinga høyrde vi Bjørgulv Straume lese sitt eige dikt om temaet:

Høyr, no er det stille og daudt
innmed fossen,
som sevja så stille den renn
under borkjen.

Dei kvirvlande stryka
er burte i dalen,
no liver vel alle
som rikaste tsaren.

Men Otra renn ikkje
så fager og rik,
om enno eg minnest deg
fossande stri.

Sjå, krypsivet svingar seg
vilt i dansen.
Vert dette for Otra
den seiste kransen?

Deretter spela han Munnharpeslåtten og meir skulle det ikkje til for å skape ei magisk innleiing til samtalen mellom dei to om emnet.

Har du synspunkt på dette? Skriv eit innlegg på bloggen til Valle radio.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *