Margaret Volle i Valle radio

Share

Margaret Volle er mastergradstudent i utøvande musikk med orgel som hovudinstrument på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Onsdag 23. november klokka 18:00 heldt ho konsert i Lindemannsalen på Marcussen-orgelet der. Sjå http://www.nmh.no/nmh/bygg/orgler/495/496/no

I kveldens Postludium hadde vi opptak frå denne konserten.

1. Georg Muffat (1653-1704)
Toccata Septima frå Apparatus Musico-organisticus
Sjå informasjon på engelsk her:
http://www.naxos.com/mainsite/default.asp?pn=Composers&char=M&ComposerID=724

Margaret Volle skreiv ein kort introduksjon til komponisten i programmet for konserten. Dette låg på web før konserten, men NMH har tydelegvis ikkje nokon politikk for å ta vare på stoffet, så når konsertdagen er over, er det borte, om ein ikkje har lagra det privat.

Ho skreiv: Georg Muffat var fødd i Megeve i Savoy, ein plass som no ligg i Frankrike. Han studerte i fleire år i Paris, mellom anna komposisjon hos Lully, og etter endte studier der fekk han jobb i Molsheim og Selestadt. Seinare studerte han også jus i Ingolstadt, men fekk ikkje jobb i Wien, så han endte til slutt opp i Salzburg, der han jobba for erkebiskopen i ti år. Rundt år 1680 drog han til Italia, der han studerte orgel hos Bernardo Pasquini. Frå 1690 til sin død var han kapellmeister hos biskopen i Passau. Verka hans er sterkt influerte av italienske og franske komponistar og han komponerte både kammermusikk og religiøse verk i tillegg til dei tolv orgeltoccataene.

2. Robert Schumann (1810 – 1856)
Frå Sechs Stücke in kanonischer Form, opus 56, nummer 4
Om komponisten kan du lese her:
http://www.naxos.com/mainsite/default.asp?pn=Composers&char=S&ComposerID=940

Margaret Volle skreiv: Robert Schumann er nok ikkje mest kjend som orgelkomponist, og verka spel på denne konserten er opprinneleg skrivne for pedalklaver. Schumann brukte pedalklaveret som ei erstatning for å øve på orgel, så stykkja fungerer fint på dette instrumentet og. Verka frå desse to samlingane (Opus 56 og 60) er eit resultat v Schumann sine intensive kontrapunktstudier i Dresden rundt 1845 og han er sterkt influert av Bach og hans invensjonar og fuger.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *