Postludium-tema: Helgemessesundag

Share

Niklos K. Besteland har sett saman eit variert program til kveldens Postludium klokka 20:30 tysdag 8. oktober. Han startar med Johann Rosenmüller (1619-1684) ”Welt ade, ich bin dein müde, ich will nach den Himmel zu.” Det er Ackermann-koret i Rosenheim som syng.

Deretter kjem J.S.Bach (1685-1750) Herzlich tut mich verlangen (BVW 727). Det er melodien som i den gamle norske koralboka heiter Nu hjertelig jeg lenges. Domorganist Wilhelm Kümpel spelar på orglet i Erfurt domkyrkje.

Så fylgjer W.A.Mozart (1756-1791) Dies Irae frå Requiem i d-moll. Det slovakiske filharmoniske kor og orkester framfører verket under leiing av Zdenék Kosler.

Også Johannes Brahms (1833-1897) skreiv eit koralforspel på melodien ”Herzlich tut”. Medan Bach-versjonen er på to og eit halvt minutt, Kåre Nordstoga brukar vel tre minutt på Brahms-stykket på orgelet i Oslo domkyrkje.

Til slutt i kveldens Postludium høyrer vi domkantor Martin Pearson spele Variasjonar over den norske folketonen ”Å, hvor salig det skal blive” av Bjarne Sløgedal (*1927) på orgelet i Skien kyrkje.

Niklos likar å setje saman programmet slik at komponistane kjem i kronologisk rekkefølgje. Det har han gjort i kveld også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *