St. Olav til Kirsten Bråten Berg

Share

Det var stor stas på Setesdalsmuseet tysdag 22. november då sølvsmed og kvedar Kirsten Bråten Berg fekk St. Olavs orden. Fylkesmann Hjalmar Sunde heldt ein flott tale, som vi sende i Valle radio onsdag 23. november 2005 i Nyhetstimen; heile timen var vigd til dette temaet. Her er link til meldinga om dette på fylkesmannen i Aust-Agder si heimeside,
http://tinyurl.com/96cjn
og nederst er det ein link til sjølve talen.

I programmet kunne du og høyre ordførar Steinar Kyrvestad, fylkesordførar Oddvar Skaiå og leiar i Setesdal Regionråd, Knut A. Austad. Kirsten og Arild Andersen heldt ein minikonsert der dei spela fleire stykke som var henta frå plata Arv og andre plater dei har laga saman. Solfager og Ormekongjen, Laurdagskveld, Gardsjenta, fleire stev og Me skal bryggje til jol, som avslutta konserten.

Staben i Valle radio sluttar seg til gratulantane. Mange av talarane bar i helsingane fram takk for at Kirsten har engasjert seg så mykje i lokalt arbeid sjølv om ho er stjerne både nasjonalt og internasjonalt. Ho vart omtala som Setesdalsmuseet si mor av styrar Anna Stella Karlsdottir.
http://www.setesdalsmuseet.no/

Frå oss i Valle radio vil vi spesielt trekke fram programmet ho laga då vi samla inn pengar, 238.000, til Strømmestiftelsen sitt arbeid på Sri Lanka i samband med tsunamien i jolehelga 2004-05. Kirsten mobiliserte folk til å vere med og lage program ein fredagskveld på nyåret 2005. Kommunestyresalen var gjort om til studio og i radiolokala sat folk og noterte ned etter kvart som folk kjøpte lodd. Dette kan du lese om her: http://tinyurl.com/877uh

Då eg ikkje kunne vere i radioen onsdag kveld, måtte eg leggje opptaka inn på ein minidisk som fylte heile timen. Det var første gong eg gjorde det på denne måten, og eg var svært spent på korleis det gjekk, men dei eg har snakka med etter sendinga, har ikkje meldt frå om problem, så eg vonar det fungerte.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *