Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 7. desember 2005

Share

1. Valle sparebank opnar kontor i Kristiansand
Torleif Hovet og Tor Arild Rysstad kom i studio for å fortelje om at Valle sparebank i januar opnar kontor i Markens gate 2. Banken har 1000 kundar som bur i Kristiansand og vonar at dei vil ha nytte av kontoret. Samstundes ser dei at det gjennom Terra-samarbeidet er mogleg å få fleire kundar i personmarknaden.

Fædrelandsvennen skreiv om dette alt i sommar, sjå
http://www.fedrelandsvennen.no/naringsliv/article287180.ece

2. Setesdal Regionråd har hatt møte tysdag 6. desember
Sjølv om det såg ut til å vere mange møte denne dagen ut frå annonsen i avisa, skuldast det prinsippet om gjennomgåande representasjon, fortalde Arne Tronsen. -Det er dei same folka som har ulike hattar på seg. Regionrådet har stått for praktisk tilrettelegging, og dei hadde også møte der dei mellom anna vedtok å auke bompengesatsane. Om to år er det slutt på bomstasjonen på Vassend, grensa mellom Bygland og Evje. Deretter vert det innkreving i begge retningar på grensa mellom Valle og Bygland.

Truleg vil Iveland gå ut av samarbeidet i 2007. Det var også to interessante foredrag av folk som ser på regionalt samarbeid med andre briller; Paal Helge Haugen tala om «Kva skal vi med Setesdal i ein globalisert verden?» og Tarjei Haugen tala om «Natur og kultur som grunnlag for utvikling av tettstader.»

3. Ungdomsprosjektet i VAFA
Torjus Uppstad og Toralf Andersen orienterte om rapporten som er lagd fram om Ungdomsprosjektet 2005. VAFA vil gå vidare og prøve å få til eit tilsvarande prosjekt til sommaren. VAFA har i stor grad hatt innsatsen retta mot vatna på heia, men det er viktig å ikkje gløyme Otra. Dei som fiskar med ruser på Rysstad får stor og fin fisk, men sportsfiske er svært vanskeleg på grunn av alt krypsivet.

Aktuelle saker på kultursektoren.
Hege Sandhaug fortalde at i Valle kommune er det rektor Leif Kvinlog som er kontaktperson for Den kulturelle skulesekken. Ein arbeider for å få produsert lokale program som kan nyttast i denne samanhengen.

Ho fortalde og at hennar stilling er delt med 50% når det gjeld kulturarrangement og 50& til å vere prosjektleiar i driftsetaten og at mykje av tida til dette no har vore nytta til kursing.

Når det gjeld kultur, har det særleg vore program for born som Valle kommune har arbeidd med å skaffe til bygda, mellom anna fordi scenen i Storstoga ikkje er så godt eigna for større framsyningar. Men programma for born har vore populære, og også i 2006 vil det verte slike program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *