Jolesongar er kjernekunnskap. Kåseriet

Share

I går, måndag, hadde eg gleda av å vere på Mandal Alders- og Sykehjem då dei hadde joletilstelning på Aktivitetsstua der. Reidun jobbar der, og ho hadde bede meg lese Ajax og spele til jolesongar. Når det gjeld Ajax, har denne Stavanger-forfattaren skrive mange fine soger om Johanna og Broremann. Lillebror undrar seg på mange ting, og storesøster prøver å svare.

Det som likevel gjorde mest inntrykk på meg, var sangen. No spelar eg ikkje så mykje piano lenger, men jolesongane ligg på eit vis i fingrane, ikkje minst var eg ofte ute og spelte på joletrefestar då vi budde på Stokmarknes i Vesterålen. Så opplevde eg at forsamlinga på vel 30 personar høgt oppe i åra, etter kvart kunne syngje ut og nesten overta styringa frå pianoet. Jolesongane var til glede, og eg sat og spelte og tenkte på at her kom joletrefestane frå ungdomen fram i minnet til dei som var til stades.

Då var det jo heilt naturleg å ramme inn kåseriet denne kvelden med eit par jolesongar. Sissel Kyrkjebø song Mitt hjerte alltid vanker og Whence is that goodly fragnance flowing frå plata Julekonserten, der ho er saman med Ole Edvard Anthonsen og Wayne Marshall, Polygram 1996.

Ein annan grunn til glede denne kvelden var at arbeidet med å fornye det tekniske utstyret i radioen går framover. I lang tid har eg ønskt at apparatet som koplar Valle radio saman med Bykle skulle få ein betre plass, slik at ein lettare kan fylgje med på kva som skjer når ein trykkjer på knappane. No har det skjedd, og denne kvelden var den fyrste det lukkast meg å kople opp utan at Hallvard måtte kome og hjelpe meg.

Hurra!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *