Kjønnskvoteringsproblemet

Share

I kåseriet tysdag 6. desember tok eg opp eit tema frå sendinga fredag 2. desember.

I Setesdølen (sjå bloggen 4. desember) den dagen (2.12) stod det at det skulle vere kvinnekveld i Valle radio, Theis skulle ha med seg 4 kvinner i sendinga: Magnhild Bjørnarå som gjest i nyhetstimen, Marianne Fedde Lilland med nytt frå Hovden i den same nyhetstimen, Eva Olavsdotter i eit program om Rammstein og Birgit Attestog som gjest i Open sending. Eg lurte på om ikkje Theis fekk same problemet som styra i næringslivet, som heller ikkje klarer å leve opp til målsettinga om kvinner i styrene. Sjølv om det vart kalla kvinnekveld, var det 8 menn med i sendinga, og bare 4 kvinner.

Arbeiderpartiet hadde verdas tøffaste kjønnskvotering då dei vedtok 50 prosent kvinnerepresentasjon, men dei måtte langt ned på statssekretærnivået før dei kunne seie at regjeringa klarte å nå målsettinga etter valet.

Sjølv om intensjonen er god, er det ikkje alltid ein maktar å realisere den.

Før og etter kåseriet spelte eg frå plata Jol med Syngjandi, som har 12 kvinner og 8 menn på coveret, og såleis representerer radikal kjønnskvotering.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *