Kvinnekveld i Valle radio

Share

Dette stod i Setesdølen fredag 2. desember:

Valle radio skal ha sending til heile Setesdal i kveld. I det høvet har Theis Salvesen hanka inn nokre av dei mest taleføre kvinnene i nedslagsfeltet, og me vil tru at sendinga lett let seg fylle. Den nye fellesrektoren for dei vidaregåande skulane i dalen, Birgit Attestog, kjem, men ikkje før i den opne sendinga frå kl. 21. Frå då av kan praten gå i minst eit par timar om ho og Theis orkar. Litt musikk innimellom blir det vel saktens også.

Tidlegare på kvelden er også kvinnene svært sentrale. Magnhild Bjørnarå, som i mangel av sendingar i Bykle Radio i kveld slepp til i Valle radio, blir med Theis i den aktuelle timen frå klokka 18. Ho skal snakke om både Bykle radio og joleførebuingar. Der skal også den nye reiselivsjefen på Hovden, Marianne Fedde Lilland intervjuast om overgangen frå hyttebyklar til å bli fastbuande på Hovden.

Ei litt yngre kvinne, Eva Olavsdotter, ein av Hylestad-konfirmantane, skal presentere si supergruppe Rammstein. Ho har vore på konsertar med dei, og perfeksjonert seg i tysk for også å få med seg teksten.

-Alle kan glede seg til ein fantastisk halvtime frå klokka 19, seier Theis.

Dei som treng å roe seg ned etterpå, kan få med seg Torleif B. Harstad sine tankar frå Bibelen kl. 19.30. Halvtimen seinare er det duka for næringsprat igjen. Denne gongen kjem Bjørgulv T. Berg frå Brokke Hyttegrend i studio for å tale om leilitheter og nye utbyggingsfelt, medan den daglege leiaren på alpinsenteret i Brokkeheia, Jan Wojtaszek fortel litt om sesongstarten.

Klokka 20.30 er det klart for «Dialekten vår» med Sigurd Brokke og Knut K. Homme, begge med talemål som det er ein fest å høyre på. Dei tek opp ord og uttrykk, og presenterer internettsida vallemal.no.

Anders Wergeland frå Ungdom i Oppdrag fortel i Aktuell time kl. 18 om cup og danseframsyning i Storstoga. Fylkesordførar Oddvar Skaiaa blir med på ein prat om bompengar, vidaregåande skule og fylkeskommunen sine ambisjonar for Setesdal framover, medan ordførar Bjørn Robstad blir intervjua om Evje som regionsenter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *