Nyhetstimen og Kommunen informerer 14. desember 2004

Share

Ansvarleg Theis Salvesen med Anna Stella Karlsdottir på Setesdalsmuseet som kveldens gjest.

1. Til innleiing snakka dei om jolefeiring på Island, mellom anna om dei 13 nissane frå før-kristen tid. Dei snille fekk gode gåver, dei som ikkje hadde vore snille, fekk ei potet. Men no er det jolekrybber og alle andre kristne innslag i jolefeiringa der.

2. Heimføring av hus frå Aust-Agder Museet til Setesdalsmuseet.
Dette er ikkje aktuell politikk, ein går ikkje i andre sitt smykkeskrin sjølv om vi hadde felles bestemor, sa Anna Stella Karlsdottir, som også fortalde at om det skulle kome heimlause bygningar, så har dei ei stor tomt på Bjugsbakk med plass til ulike typar bygningar.

3. Rolling Stones sin konsert i Bergen til sumaren vart seld ut på 32 minutt. Musikk av dei var innslag i sendinga.

4. Theis fortel at han har vore med Arne Tronsen og fiska med oter og fått mykje fisk. Han spurde om det var lovleg, og Tom Arild Homme sa at det var greitt om ein hadde lov av grunneigar og hadde løyst fiskekort.

Som konsulent har Tom Arild Homme fått oppdrag å arbeide for å utvikle Otra som fiske-elv og få alle involverte partar til å vere med på dette; grunneigarar, turistar, kraftverk, kommunar og så vidare. Krypsivproblematikken fylgjer ikkje kommunegrenser, så her må alle involverte engasjere seg.

Forvaltning av fiskebestand og ørekyteproblematikken er andre oppgåver i denne samanhengen. Tom Arild har vore interessert i dette frå han var liten. No kan han leve av det, men tilskot over Statsbudsjettet til innlandsfiskeoppdrag er små og gjeld mest kalking og fiske etter laks.

Han er konsulent knytt til Bykle kommune, han har oppdrag for krypsivfondet sitt innfrysingsprosjekt, det var forsøk for 15 år sidan, no er det prosjekt. Det var store lokale endringar i resultatet, ein vonar at det skal gå greitt i år, for Heknidammen, Tjurrmo dam, er ny og skapar nye problem. I Bygland er det også krypsiv, ein vonar at dette skal også forsvinne, det er dårlege levekår for krypsiv i Åraksfjorden.

5. Bruce Springsteen: The River passar jo godt etter dette innslaget.

6. Ellen Mordal på telefon før jolekonserten:
Torsdag klokka 18:00 Bluesgruppe for 2-5 år. I Storstoga, Kultursenteret i Valle
Søndag klokka 17:00 saman med Bykle songlag og Byklekorpset
Søndag klokka 19:30 saman med Valle-korpset og solistar

Kulturskolen i Valle har prosjektsamarbeid med kulturskolen i Bykle

7. Å høyre Arild Andersen på Setesdalsmuseet då Kirsten Bråten Berg vart slått til ridder av første klasse av St. Olavs orden var ei stor oppleving. Folketonar på bass var ein spesiell sak. Kirsten er Setesdalsmuseets mor, dei får to millionar direkte over Statsbudsjettet, og årets budsjett har truleg ein auke på 500.000. Det skal ikkje brukast på ein ny stilling, men til konsolidering.

8. Glade jol på islandsk.

9. Theis fekk fyrste gong jolestemning i slutten av november, for då fekk han vite at to av borna hans skal ikkje vere heime i jola, så dei åt spa på førehand. Gabriel skal vere på sjøen og Gunvor er i Phuket i Thailand akkurat no, så då var det naturleg å ta ein telefon til henne. Ho fortalde at ho er på tur i områda der tsunamien råka, mykje er forandra i høve til før, seier dei som hadde vore her før det skjedde. Det er varmt i vatnet, massasje kostar ikkje noko, ein lever som dronningar. Før ho kom til Asia var ho i Australia. Der hoppa ho i fallskjerm, det føltest ikkje bra, men etterpå var det gøy å ha gjort det. I dag kom det pakke frå Singapore til prestegarden. Etterpå skal dei til India og Nepal og på dagstur til Tibet. Gunvor reiser saman med kusine Mette og Siri frå Mandal. I Brisbane budde ho hos Beth Lunden, i Surfer’s Paradise budde ho hos Peer Ole Jacob. No er ho saman med Beth og Kjetil. Ho kjem heim 10. januar.

10. Islandsk salme: Å fader, gi meg styrke.

11. Religionsundervisning på Island er ikkje bare kristendom, men generelt om religion. Men skal ein verte islandsk statsborgar må ein ta eit islandsk namn.

12. Leif Kvinlog kommenterte om den nye ordninga ved religionsundervisning. Kven er det som skal tenke, er det læraren, rektør, skolestyre. På kysten var det ein lærar som gjerne ville ha yoga i timen, men det var problematisk.

Religionsutøving er ein privatsak, så fast bordvers som bordbønn er ikkje lenger aktuelt. Det som er viktig, er at foreldrene får informasjon slik at dei kan ta stilling til situasjonen på førehand. Om presten vil ha ein minigudsteneste under eit skulebesøk, bør foreldrene få vite om det og ta avgjerd for sine barn.

Korleis er det med jolegudstenesta? Vi hadde det oppe i FAU, og må vere medvitne. Valle skule har ikkje lagt opp til endring i høve til tidlegare år. Om skulen skal stille krav, kan det like godt vere i gymsalen med eige opplegg.

FN har stilt krav til KRL-faget slik at vektinga er litt annleis no. Det har vore oppe som sak i personalet, men ein hadde alt justert seg noko i høve til tidlegare. Valle og Hylestad har vore homogent i alle år, men når det kom flyktningar, måtte ein justere noko. Først og fremst gjeld det KRL, men også heimkunnskap vert påverka ettersom nokre ikkje kan ha svinekjøt. Valle skule har fått nokre spørsmål frå norske foreldre, men dei har vore få.

12. Ane Brun og Sivert Høyem: Lift me

Kommunen informerer
Varaordfører Olaf Henrik Homme – 40% På dagens formannskapsmøte var han fungerande ordførar.

Opning i romjula:
Rådhuset og helsehuset 10-14
Legekontoret 8-15

Årskort i Brokke
Også skuleelevar som ikkje høyrer til i Valle kommune, kan få dekt halvparten på same måte som alle fastbuande.

Ljosløypa i Brokke skal vere 5,5 km og koste 8 millionar, entreprenøren er frå Iveland, breidda er på 6-9 meter slik at ein kan starte Sesilåmi i traseen. Men kulvert over bekk og ljos kjem ikkje før til våren. Om bekken frys kan ein lage løypa over bekken.

Når konsertane er til sundag, siste helga før jol, er Theis på jolebord i Farsund.

Musikk: King of the road med Elvis Presley

Geitåsen, Åsan II, det nye bustadfeltet på Rysstad. Det skal vere anbodsbefaring over nyår. Tildeling av tomter kan verte i august/ september. Det står mange på lista og er interesserte i tomter der.

Reimarmoen er stengt i romjola. Men det er ope måndag fyrstkomande.

No kjem det nytt rekkverk til trappa ved det gamle kommunehuset/ biblioteket

Buss-skur på Rysstad kjem også før jol. Men badinga er stengt no, dei tømde bassenget i dag.

Hylestad skule skal dei pusse opp personaldelen etter jol. Parkeringsplassen skal vere ferdig no til jol. Valle skule skal pussast opp for 35 millionar over fleire år.

Det skal lagast ein skiltplan for sentrum i Valle, men på Rysstad kjem det skilt med temperatur og klokke.

Flaggstanga utanfor kommunehuset i Valle er borte no og må kome opp att.

Cheerio avslutta halvtimen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *