Open sending onsdag 7. desember

Share

Her hadde eg laga rebusar frå Setesdølen tysdag 6. desember. Karin Bøe var gjest, ho hadde gjeve vevstoga Valle Vev fri denne kvelden. Men vi snakka litt om Setesdal Regionråds gåve til Kirsten Bråten Berg i høve tildelinga av St. Olav. Teppet, som var mastergradsoppgåva til Karin, hadde fått fin eksponering i avisa, og sjølv hadde ho høyrt reportasjen i Valle radio dagen etter tildelinga.

Deretter var det tid for oppgåvene, og dei som kom inn i studio, fekk julesongar som ekstraoppgåve. Det førte til triveleg prat når eg spela jolesongar frå ei SKRUK-plate, men snakka over begynnelsen, slik at oppgåva ikkje skulle vere alt for lett.

På halvannan time løyste vi 9 rebusar, og Ellen Lien vann sekken, medan Pål Dale fekk rosa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *