10 stev

Share

Til konkurranse i Valle radio fredag 13. januar 2006
Laga av Harald Haugland
Framført av Torhild Jåvold

1.
Her er ruinar og katakomber
og mykje folk kjem hit i desember.
Her er ei kyrkje, heilt kolossal
med plass til alle i Setesdal.
Løysing: Roma
Løyst av Ingebjørg Vegestog Homme

2.
Her er det fangar i raude dressar,
dei er symbol som oss ofte stressar.
Hit reiser Jan med engasjement,
å gje bort gåver er hjartetrang.
Løysing: Cuba
Løyst av Anne Lise Harstad

3.
Her døydde Mozart, her lever songen,
du får «kje alt med deg fyrste gongen.
Men oljeprisen blir fastlagt her,
ein viktig by jo då dette er.
Løysing: Wien
Løyst av Torleif Harstad

4.
Dei spelar golf der i desse dagar,
eg trur dei neppe på premien klagar.
Dei helsar deg med eit aloha,
når du er der, kan du ha det bra.
Løysing: Hawaii
Løyst av Ole Morten Egeland

5.
Hit kan du reise og sjå på stutar,
her fotballdommar mot Beckham tutar.
Ein tur i Prado gjev ro og fred,
då vakker kunst kan ditt hjarte gle».
Løysing: Madrid
Løyst av Anne Rakel Brokke

6.
Om du vil finne ein Golden Gate,
til denne byen du må deg leite,
er kjent for hippies og Alcatraz
og homofile og «cable cars».
Løysing: San Francisco
Løyst av Tor D. Lunden

7.
I denne by finst da Vinci-koden
for dei som kjenner rett til metoden.
Gå opp Montmartre til Sacre Coeur,
ta Eiffel-heisen om du det tør.
Løysing: Paris
Løyst av Torleiv Harstad

8.
Ein helgenskare på denne brua
skal hjelpe oss å bevare trua.
I byen finn du eit særmerkt ur
som du må sjå når du er på tur.
Løysing: Praha
Løyst av Tor D. Lunden

9.
Hit kan du reise for kunst og fotball,
her er ei gate som heter Whitehall,
og du kan shoppe i Oxford Street
og under jorda dra hit og dit.
Løysing: London
Løyst av Roald Hallaråker

10.
I dette landet er kunst å finne,
i terrakotta – historisk minne.
Frå månen kan du sjå landets mur,
til dette landet du må på tur.
Løysing: Kina
Løyst av Torleiv Harstad

Ved loddtrekning mellom alle som løyste oppgåvene, vart det Tor D. Lunden som fekk premien, eit armbåndsur.

Takk til Torhild Jåvold som kvad for oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *