Open sending fredag 27. januar 2006

Share

Rebusane var basert på dagens Setesdølen. I løpet av sendinga, som starta 20.30, var det mange som var innom og løyste rebusar. Eg sat ikkje på PC-en heile kvelden, men eg fekk med meg at desse var innom:

Anne Lise Harstad, Valle
Tora Lund, Valle
Anne Britt Røynås, Søgne, (Reiarsvatnet)
Aud Bøgh Tobiassen, Kristiansand, (Raudetjønnskvæven)
Halvor Haugen, Åraksbø
Jorunn Haugen, Arendal
Roar Hallaråker, Vennesla (Ørnefjell)
Elisabeth Homme, Valle
Sven Egil Krohn, Kristiansand (Berdalsbru)
Ellen Sordal, Søgne,

Desse vann:
Ryggsekk og krus: Halvor Haugen
Puslespel med 4000 brikker: Halvor Haugen
Legg det inn på Ose hos Eivind på kafeen.

Pipenøkkelsett: Torhild Lunden
Spotlight: Ellen Sordal
Vekt: Sven Egil Krohn
Tannbørste: Anne Britt Røynås

Gudrun Nomeland og Jorunn Lund Harstad var telefonvakter.

Kommunen informerer 27. januar 2006

Share

Jorunn Tveiten er leiar for Velkomstsenteret

Viktigast i Velkomstsenteret er sentralbordtenesta, men dei svarer også på spørsmål og prøver å hjelpe, spesielt om sakshandsamarane ikkje er inne. Ho nemnde fleire aktuelle saker

1. Den lokale telefonkatalogen skal reviderast. Send inn rettingar.

2. Kommunalt stipend til folk frå Valle som går på skule. Søknadsfrist er 15. februar, stipendet er på 5000 kroner og ein kan få det for fem år på skule.

3. Søknadsfristen for stønad til halve årsavgifta på årskort i Brokke er utvida til 1. februar.

4. 2. februar kl. 19.00 skal det vere konsert/ kulturkveld i Storstoga. Sigurd Haugsgjerd skal leie kvelden, og Lars Bremnes, Kjartan Fløgstad og Kirsten Bråten Berg skal underhalde.

5. 16. februar kjem Kristiansand Symfoniorkester.

6. 23. februar skal det vere Bygdekveld i Hylestad soknehus. Hylestad skule står for den.

Aktuell time fredag 27. januar 2006

Share

Hallvard Kjelleberg hadde desse gjestene i programmet:

1. Sissa Ringstad om
a. prestegjeldsaksjonen 2006 med Elin Fagerbakke frå Ungdom i Oppdrag som gjestetalar. På opningsmøtet i Bykle kyrkje torsdag 26. januar var det 62 personar, fredag 27. januar er det møte på Soknehuset klokka 19.00, laurdag 28. januar kl. 15 er det familiesamling på Hovden. Sundag vert aksjonen avslutta i Valle kyrkje kl. 11.00, og etterpå er det kyrkjesuppe på Menighetshuset. Mette og Roger syng under aksjonen.

b. Nytt sokneråd for Valle og Hylestad har hatt sitt første møte. Ny leiar er Gro Håtveit Hovet. Andre i rådet er Astrid Nomeland, Bjørgulv T. Berg, Åse Holen, Torleif B. Harstad, Jorunn Høyland og Torhild Jåvold. Før har dei hatt eit sokneråd for kvart sokn, men no er dei to slått saman til eitt.

2. Arne Tronsen om
a. Bykle Breiband. Planen er å byggje linja ut til heilt sør i Valle kommune til neste år.
b. Heilårsveg Brokke-Suleskar er eit spanande prosjekt. Truleg bør ein lage ei ny utgreiing.
c. På Stamvegen Riksveg 9 er neste prosjekt Ose-Tveit. Det er planlagt å koste 41 millionar. No har ein ikkje von om å få meir pengar frå Staten, så finansiering av denne strekningen er noko usikker. Men ein vurderer å leggje inn refundert arbeidsgjevaravgift i prosjektet.
d. Gratis IP-sone i tettstadene i dalen. Her ligg vi i front i landet, Setesdal er det første dalføret som får eit slikt tilbod.
e. Dei siste sentralane blir oppgraderte til DSL no.

3. Tarjei Haugen
har slutta som rektor på Valle VGS etter 10 år for å verte prosjektleiar for Setesdal Sylvsenter. Denne satsinga er tredelt:
a. Styrke noverande arbeidsplassar
b. Setesdalsmuseet arbeider med å registrere sylv i Setesdal.
c. Kurssenter

«Sylv og reiseliv» skal styrkje noverande arbeidsplassar og inspirere til å lage nye. Det er viktig å inspirere til anna enn filigransylv og. Moderne smykkedesign kan ta i bruk mange materialtypar. Her er det planar om å utnytte stein frå Evje og Iveland, slik kan ein utnytte ressursar frå heile Setesdal. Tarjei fortalde at grunnleggjaren av Juhls sylvsmie i Kautokeino hadde gått i lære på Besteland. No har han ei stor sylvsmie som lagar sylv basert på samiske sylvsmedtradisjonar. Dottera til Juhl meinte at lauv som er brukt på samesyljer var inspirert frå sylvarbeid i Setesdal som kom til Nord-Norge i samband med jektefarten til Bergen.
http://www.juhls.no/
Gå til nettbutikken, så kan du sjå mange av smykka dei lagar.

Setesdalsmuseet planlegg å opprette samarbeid med Vesterheim-museet i USA.
http://vesterheim.org/about/index.php

Valle vidaregåande skule legg opp til at dei skal ha 45 elevar i 3 klassar. http://www.valle.vgs.no/

Dei prøver også å få til eit kurssenter. Til sommaren skal det vere eit spesielt arrangement, Sylvsommar i Setesdal. Det er tre store produsentar i Setesdal: Hasla, Trygve Rysstad og Gunnar Helle. Leonhard Jansen vil halde foredrag om sylvsmedane i Setesdal, og dei planlegg og å få trendanalytikarar frå Danmark til å vere med på kurset. Dei vil også ha eit opplegg på Evje og Iveland på dette kurset.

Fredag 27. januar

Share

Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Rolf Erik Homme

18:00 Lokalnytt
19:00 Kommunen informerer ved leiar Velkomstsenteret Jorunn Tveiten
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Musikkhalvtime ved Hallvard Kjelleberg
20:30 Open sending ved Rolf Erik Homme, Helge Dahle og teknikar Hallvard Kjelleberg.