Å bli heit i hovudet

Share

I dag var eg tidleg i radioen, eg sat og førebudde meg, men 17:53 tenkte eg at eg får kople opp. Eg fann ei plate med Skruk som eg ville spele i samband med oppkoplinga og ringde nummeret til Bykle radio, slik eg har gjort nokre gonger no.

Så synte det seg at det etter at eg hadde ringt og slått på utstyret i Bykle, var vanskeleg å få connection for miksebordet, «connection failed» kom fleire gonger.

Og klokka gjekk. Utruleg kor fort ho går når noko ikkje fungerer som det skal.

Eg prøvde att, ein gong, to gonger, nei ikkje noko fungerte.

Så ringte eg til Hallvard, men han var oppteken med middagsservering på motellet og ba meg ringe til Jørund. Eg fann han på mobilen, og roleg og tydeleg hjelpte han meg til å starte om att og etter kvart fekk eg kontakt. Men då var klokka 18:20, så eg måtte improvisere litt for å kunne ta inn dei 20 minutta eg hadde mista.

Eg var nok litt heit i hovudet medan det stod på. Om eg fekk nokre lyttarar i kveld, veit eg ikkje. Kan hende dei tenkte at det ikkje vart sending når eg ikkje kom på lufta klokka 18:00. Men eg fullførte i god stil, etter kvart kom eg på tida i høve til programmet.

Så no er eg roleg att 🙂

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *