Aviser og musikk

Share

Etter at Bjørgulv T. Berg hadde hatt «Tankar frå Bibelen» saman med Sissa Ringstad, var det tid for Aviser og musikk.

Det var første gong vi hadde dette programmet, ideen var at vi skulle snakke om fredagsavisene og spele litt musikk innimellom. Eg hadde også opna for at dei som hadde funne svar på steva om stader å reise til i mørketida, kunne gjere det i denne timen. Dermed fekk vi svar på dei fire første gjennom telefonar frå lydarar. Sjå eige innlegg.

Vi snakka saman om mange emne. Bjørgulv hadde funne eit oppslag i Nationen om folk som gjerne ville gå i heia, men ikkje bere ryggsekk, og at det kunne verte ei nisje å utvikle vidare. Det gav høve til å snakke om utviklinga innan hytteliv; det er ikkje så mange som vil ha det primitivt på hytta lenger.

Vi snakka og om presten Gelius som skulle vere dommar i ein missekonkurranse, men som etter samtale med biskop Kvarme hadde funne ut at det truleg ikkje var så lurt. Eg undra meg på om vi skulle få han til Valle om Theis skulle finne på å reise, men Bjørgulv meinte at det neppe var eit tema å diskutere på lufta.

Det vart ein triveleg time, truleg kan vi kome att med eit slikt programopplegg. No var også Ingbjørg Ellinor Rysstad og Solveig Rysstad komne for å ta telefonen. På lista stod det at det var Tobbi som skulle ha ansvar for dette, men ho hadde bytt med dei. Likevel hadde ho vore innom og laga vaffelrøre, så no var det godlukt i salongen.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *