Bokaktuelt 1 2006 Ibsen-året

Share

Då det er Ibsenår i år, 100 år sidan han døydde, var det naturleg å starte sesongen med å snakke med biblioteksjef Lisbeth D. Homme om Ibsen i Valle folkebibliotek. Ho kunne fortelje at dei har Ibsens samlede verk i minst ei utgåve.

Mange av skodespela finst på CD: Et dukkehjem, Fru Inger til Østråt, John Gabriel Borkman, Peer Gynt, Rosmersholm, Terje Vigen, Hedda Gabler, De unges forbund og Samfundets støtter. Det er høyrespel frå Radioteateret.

På biblioteket kan du og finne ein film basert på skodespela hans, Vildanden frå 1963 og ein annan film, Udødelige Ibsen frå 2000.

Det er også biografiar der, Robert Fergusons Mellom evne og higen og Stein Erik Lundes Biografien om Henrik Ibsen: alt eller intet.

To essay-samlingar står og i hyllene på biblioteket. Georg Johannesen skreiv i 2003 Nytt om Ibsen og andre essays, Eldrid Lunden kom året etter med Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar.

Endeleg kan vi nemne ei bok av Henry Notaker, Til bords med Ibsen.

I ein artikkel frå NTB stod det at han ikkje likte kjøttkaker, men ryper hadde han sans for. Der stod det også at det er planlagt 4000 program over heile verda i 2006 og at Kong Harald skal vere til stades under opninga av Ibsen-året laurdag 14. januar i Oslo.

Alt dette snakka vi om på dei 12 minutta samtalen med Lisbeth tok, og så fekk vi høyre eit kutt frå høyrespelet Rosmersholm til slutt.

Du kan sjølv søke etter bøker av og om Ibsen i samlinga til Valle bibliotek. Gå inn på denne sida:
http://www.valle.kommune.no/bibliotek/

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *