Bøker om skole

Share

I Bokaktuelt 17. januar var tema skjønnlitterære bøker om skole.

Vi brukte desse bøkene:

1.
Alexander Kielland: Gift
http://www.christopher.no/litteratur/giftanalyse.htm

2.
Jens Bjørneboe: Jonas
http://heim.ifi.uio.no/~janki/bjorneboe/bjorneboe.pdf

3.
Hans Scherfig: Det forsømte forår
http://tinyurl.com/7cwk4

4.
Arne Svingen: Hubert som nissetufs (barnebok)
http://tinyurl.com/bbkxy

Linkane er av litt ulik type, du kan leite vidare sjølv.

Det meste av samtalen kom til å handle om bok nr. 3, som er aktuell fordi lesesirkelen Agder les dansk skal ha den. Til no er det bare eg og Lisbeth som har lese den, men truleg vert den boka tema på dete første møtet, som det ser ut til må verte i februar ein gong.

Boka er eit grundig oppgjer med «Den sorte skole» latinskolen, slik han var i København omlag 1920, då forfattaren opplevde den. Boka kom ut i 1940. For oss som har opplevd bare litt av dette, er det ganske rystande å høyre om livet til 200 gutar som blir terroriserte av lærarane sine. Utgangspunktet for handlinga er at dei møtest til 25 års-jubileum og tek til å minnast korleis det var.

Ein av elevane er ansvarleg for mordet på latinlærar Blomme, men mordet vert aldri oppdaga. I boka får vi høyre korleis det gjekk til og etter kvart får vi vite kven av gutane det var og kvifor han gjorde det.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *