Buxtehude og Mozart

Share

Kåseriet 3. januar 2005

Godt nytt år til alle som høyrer på Valle radio. Til innleiing i dag knyter vi saman med eit tema som vi var opptekne av før jol: At Bach for 250 år sidan gjekk til Lübeck for å høyre Dietrich Buxtehude spele og framføre sin musikk. Eg veit ikkje om han høyrde denne kantaten i Mariakyrkja i Lübeck jola 1705, men det skulle ikkje forundre meg. Den er bygd over den gamle jolesongen In dulci jubilo, Jeg synger jolekvad slik Dietrich Buxtehude laga den i kantate nr. 52. Kantaten har fire vers, du finn dei på bloggen til Valle radio, www.valleradio.com, der du også finn det femte verset, som Buxtehude ikkje brukte. To sporanstemmer og bass, saman med 2 violinar og bass til akkompagnement. Her er info på engelsk om plata: http://tinyurl.com/aqkya

BuxWV 52 In dulci jubilo, nun singet und seid froh!cantate pour SSB avec 2 violons et basse continue

1 In dulci jubilo, nun singet und seid frohair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue

2 O Jesu parvule nach dir ist mit so wehair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[2è verset, comme # 1]

3 O patris caritas, o nati lenitasair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[3è verset, comme # 1]

4 Ubi sunt gaudia?air, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[4è verset]

Peter von Dresden 1440
In dulci jubilo,
Nun singet und seid froh!
Alle unsre Wonne
Liegt in praesepio
Sie leuchtet wie die Sonne
Matris in gremio
|: Alpha es et O. :/

O Jesu parvule,
Nach Dir ist mir so weh.
Tröst mir mein Gemüte,
O puer optime,
Durch all Deine Güte,
O princeps gloriae.
|: Trahe me post te. :/

O Patris charitas!
O Nati lenitas!
Wir wären all verloren,
Per nostra crimina,
So hat er uns erworben
Coelorum gaudia.
|: Quanta gratia! :/

Ubi sunt gaudia?
Nirgend mehr denn da,
Wo die Engel singen
Nova cantica,
Und die Harfen klingen
In regis curia.
|: Eia, wär’n wir da! 🙂

Mater et filia
Ist Jungfrau Maria.
Wir waren gar verdorben
Per nostra crimina,
Nun hat sie uns erworben
Coelorum gaudia.
|: Quanta gracia! :/

Det er ein litt spesiell jolesong, det vekslar mellom latin og tysk, vi har ikkje mange jolesongar som gjer det. Men Kirsten Bråten Berg syng ein folketone med omkved Kyrie eleis

Det er Mozart-år i år, Wolfgang Amadeus Mozart vart fødd 27. januar 1756 i Salzburg i Østerrike, altså for 250 år sidan. Han starta å spele piano då han var 3 år gamal, døydde bare 35 år gamal av giktfeber og vart gravlagd i Wien i ei fattig-grav. Men desse tretti åra endra musikken i verda, opus-lista er 626 verk og i Salzburg vil dei framføre det meste av det han har skrive i år.

I mine program i Valle radio vil eg prøve å ha eit verk av Mozart på programmet i dei fleste av tysdagssendingane, ikkje alltid eit stort verk, men likevel noko av alt det han har skrive. Her fylgjer Adagio frå Obokvartett, K. 370 spelt av Josef Kiss, som er førsteoboist i Budapest Symfoniorkester, fødd i 1961 og med i orkesteret frå 1982. Her er engelsk info om han: http://tinyurl.com/7jtft og om Kodaly-kvartetten, som han spelar i lag med http://tinyurl.com/7nhrp

Mozart var 25 år då han skreiv denne strykekvartetten i Munchen i 1781. Han heldt samstundes på med operaen Idomeno, som han skulle skrive til karnevalet i Munchen det året. Og han var godt nøgd. Eg vonar du og vert det. Her kjem han med ønske om Godt nyår til alle lydarar.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *