Forviklingar

Share

Måndag kveld 2. januar 2006 var eg tilbake i Valle etter ei stille jole- og nyårshelg med familien i Mandal. Då ringte Ørnulf og lurte på om eg kunne ha sendinga fredag kveld, han var sett opp, men hadde tenkt seg til Oslo for å hjelpe dottera Gunhild med noko, eg lurer på om han sa flytting, men det er eg ikkje sikker på.

I Valle radio hjelper vi kvarandre om vi kan, så eg sa ja, det kunne eg, sjølv om eg til vanleg reiser heim til Mandal fredagane og difor ikkje er så hissig på å vere med på fredagssendingar.

Vi har eit system for å fordele ansvarlege for sendingane som er basert på at sjefen vår, Hallvard, set opp ei liste. Dersom vi skal byte, må vi avtale det direkte.

No hadde ikkje Hallvard sett opp liste, men han skreiv etter sendinga på lisle jolaftan at neste sending skulle vere for heile dalen fredag 6. januar. Det var jo rett, men om du høyrer på lokalradioen når eg skriv dette, vil du nok fort skjøne at det er Evje Radio som er ansvarleg for sendinga. Det stod på ein plan som var laga i haust og som skulle gjelde for heile vinteren.

Så sjølv om eg i tysdagssendinga mi sa at eg hadde planar om å kome att i fredagssendinga 6. januar, så vart det ikkje slik. Etter kvart vart dette avklara med Hallvard, som har teke seg ein Spania-tur på nyåret og ikkje er tilbake før 9. januar. Jørund Georg retta opp informasjonen på heimesidene til Valle radio. Det var likevel ikkje nok, for Bjørgulv T. Berg og Sissa Ringstad kom til radioen fredagskvelden klokka 19:30 og skulle ha Tankar frå Bibelen, men dei kom til stengt dør.

Framleis er det ikkje lagt ut nokon sendeplan for våren, så du må nok bare smørje deg med tolmod til Hallvard kjem heim att og får sett opp lista vår. Eg vil halde fram med tysdagssendingar, men det vil ikkje verte så mange onsdagssendingar i vår. Bykle Radio skal ha sendepause også i vår, og då kjem Valle radio til å ha sendingar nokre fredagar.

Helsing Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *