Kåseriet 17. januar – Så kom snøen

Share

Til innleiing på kåseriet hadde eg funne Stein Ove Bergs vise «Ikke gråt om det er vinter og det snør». Med den kunne ein verte inspirert til nokre tankar om den (for det meste) milde fine vinteren me har hatt til no. Samstundes ligg vona om vår i den songen. Men denne dagen hadde snøen funne vegen til Valle og Bykle. Det merka vi og i radioen.

Då klokka var litt over 18:30, kom det ein telefon til Valle radio frå Terje Breivoll, som hadde kome over Bjørnevatn og var på veg ned til Oveinang. Han kunne fortelje at det lå store snødriver ved Sundet og at det var bare så vidt han ikkje sette seg fast, så han vona at vi kunne få fatt i brøytarane og fortelje dette.

Eg gjekk på lufta og fortalde dette under ein sang i Programmet Noreamagasinet. Deretter ringde eg Helge Homme, som skulle formidle informasjonen til dei som brøyter, det var folk frå Telemark etter det eg skjøna.

Eg er imponert over korleis Anne Lise Harstad møter den nye tid, like før jol kjøpte ho PC og no surfar ho på nettet og les bloggen til Valle radio.

No er jola over og jolebassane har vore på vitjing, det var fredagskvelden 13. januar, då Ole Morten Egeland i Bykle fortalde at han hadde hatt besøk av heile 65 jolebassar, dei hadde budd seg med 60 pakker, men måtte altså på reservelageret for å kome i mål.

Det er godt med vanleg kvardag etter høgtid, å kome i vanleg gjenge er ein god ting.

Så spelte eg Søppelmannens etterjulsvise av Stein Ove Berg til slutt.

Jens Stoltenberg har skrive minneord om Stein Ove Berg her:
http://tinyurl.com/8dh7u

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *