Kommunen informerer ved Ingvar Nes

Share

1. Oppdatering av lokal telefonkatalog
Det er tid for å lage ein ny katalog, den forrige kom i 2003. Dette var hovudoppslag i Bygdenytt nr. 1-06, som er ute no. Retteskjema må sendast inn innan 28. februar. Det er også plass for å krysse av på skjemaet om ein ikkje vil stå i den lokale katalogen. Men det er dumt om ein ikkje står der, for det er ein ressurs for folk som skal finne kvarandre når dei kan gå på nettet eller bruke den lokale katalogen med stor skrift framfor Agder-katalogen.

2. Skatteoppkrevar tilsett
Valle har i ein periode hatt felles skatteoppkrevar med Bykle. No vert denne funksjonen flytta tilbake til Valle att. Kommunen har tilsett John Melhus er tilsett i stillinga.

3. Byggeprosjekt Hylestad skule
Dette er no i gang. Parkeringsplassen nord for skulen er flytta og arbeidet går for fullt inne i personalavdelinga. Planlegginga av tilsvarande arbeid på Valle skule går for fullt.

4. Sjuketransport
Dei som skal transporterast ut av kommunen, må ringe Agder Taxi, 380 02015, men for transport innan kommunen kan ein ringe eit lokalt nummer 90 90 51 26 /
379 36 129.
Sjå
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=339

5. Torsdag 19. januar: Gubben og katten
Dette stykket vert synt i Storstoga torsdag 19. januar av Askeladden friteater. 40 kroner kostar det. Her er liste over aktuelle bøker i samband med stykket:
http://www.gammafon.no/xp/pub/vannrett1/gubben

6. Faun og Syngjandi
Til innleiing av denne halvtimen tok vi opp tråden frå siste innslag i nyhetstimen, om gruppa Faun som skulle til Valle motell og ha konsert. Dei har hatt mange konsertar saman med lokale kor, mellom anna i Birkenes. Ingvar fortalde at det er Liv Bratlie Løyland som er leiar i Syngjandi no og rette vedkomande å ta opp spørsmålet med. Men han etterlyste fleire menn som kunne ha lyst til å syngje i koret, dei manglar mannsstemmer no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *