Problem

Share

Eg prøvde å logge meg på for å høyre Valle radio på Internett fredag kveld. Men det synte seg at sendinga på nettet var heilt stille. Difor ringde eg til radioen og sa i frå, og ei stund etter ringde Jørund og spurte om eg kunne høyre noko.

Då fekk eg inn sendinga, men med feil på lyden. Truleg var feilen på mitt lydkort, og sjølv om eg på ulike måtar prøvde å finne ut av det, måtte eg gje opp.

Difor fekk eg ikkje høyre sendinga denne fredagskvelden og kunne heller ikkje skrive om det på bloggen. Dersom du som høyrde sendinga vil skrive noko, er det flott. Send epost til meg på harhaugl@online.no, så skal eg leggje det ut på bloggen.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *