Noreaprogram veke 8

Share

Over ein open Bibel
Astrid Hareide, regionkonsulent for Kirkens Nødhjelp i Agder, hadde andakten. Teksten var Joh. 3.16, og ho fortalde om 12 år gamle Billy frå Sudan, om ei hand til å ta imot med og ei hand til å gje med.

Noreamagasinet
Denne kvelden var tema Samemisjonen. Når dei har stemne, held dei 40 husmøte rundt i Finnmark. Her er ei oversikt over møteplassane:
http://www.samemisjonen.no/t3/index.php?id=87#230

Det var også ein reportasje om korleis dei har fått støtte i ei økonomisk krise. Her er link til artiklar om Samemisjonen:
http://www.samemisjonen.no/t3/index.php?id=5

Elles var det en reportasje om 50 elevar frå vidaregåande skular som møttest i Oslo på Utfordringskonferanse i regi av Misjonssambandet, og det var lyttarbrev frå Kina i dagens Noreamagasin.

Møteplassen
Her møtte vi Thuva Balas frå Vadsø/ Sri Lanka, som vaks opp som hindu i Vadsø, men møtte Jesus. I dette meldingsbrevet frå Fjellhaug Bibelskole er det reportasje frå då ho vart døypt.
http://www.fjellheimbibelskole.com/Fjellheimnytt%204-05.pdf

Godt og tenleg ver

Share

Kåseri i Valle radio tysdag 21. februar 2006

Det har vore godt med nokre dagar med sol og lettare ver. Ein vert lettare i sinn og syn på livet når sola kjem over fjellet i sør.

Eg abonnerer på nyhetsbrevet til det amerikanske magasinet Christianity Today. Dei har folk som fylgjer med på stoff om kyrkje, religion og vitskap i aviser over heile verda. Det er på engelsk, det er sett med amerikanske augo, men av og til finn vi noko interessant, til og med frå Noreg

Dei har også eit dagens sitat, og 16. februar siterte dei generalsekretær i Sjømannsmisjonen, Kjell Bertel Nyland, som er i Torino-OL, som skal ha sagt at vi ber for dårleg ver slik at konkurransen vert utsett og vi kan starte frå begynnelsen att. I kyrkjebøna ber vi kvar sundag for godt og tenleg ver for bønder og så vidare. Når vi no ber om godt og tenleg ver, ber vi om dårleg ver.

Den bøna vart ikkje høyrt, vinden var lett og konkurransen gjekk i tide, slik at kombinertlaget, som var blitt sjuke, måtte trekkjast frå konkurransen. Her er ein link til denne sjømannskyrkja:
http://www.sjomannskirken.no/dt_singlearticle.asp?gid=48&amid=16174&

I lys av dette såg eg i OL-magasinet til Aftenposten for laurdag. På side 22 var det ei liste over gudstenestene i Oslo-området denne sundagen, som var Kristi forklåringsdag, med tekst frå Joh.17,1-8. Eg kunne ikkje anna enn gle meg. Over hundre kyrkjer innanfor og nærare 50 kyrkjer utanfor Den norske kyrkje kalla til samling denne sundagen. Alt frå Mozart-messe i Oslo Domkyrkje til Strandebarm prosti gudsteneste i Grensen 19 syner eit stort spenn i gudstenestene, og i fleire kyrkjer er det fleire samlingar, ikkje bare klokka 11. Eit anna trekk som slår ein er at det er gudstenester på andre språk enn norsk, her er engelsk, tysk, vietnametisk, kroatisk, kirkeslavisk, svensk, lettisk.

Eit anna trekk er dei mange ulike musikalske krefter som stiller opp til gudstenestene. Domkor, Seniorkor, KoriOslo, KorS, Gladsangkoret, Pilegrimen Mannskor og Vox-1 koret.

Guds menighet er jordens største under, syng vi. I Setesdølen for fredag var det også ei oversikt som inviterte til gudstenestene denne helga. Sjølv i desse OL-tider møtest kyrkjelydane til lovsong og takk.