Kommunen informerer 24. februar 2006

Share

Det var Leif Kvinlog, rektor ved Valle skule, som var i studio saman med programleiar Ørnulf Hasla. Han fortalde om Den kulturelle skulesekken, som er eit tilbod skulen prioriterer. Fylkesbiblioteket i Aust-Agder lager ein katalog med tilbod, og så kan skulane velje det som passar for kvar skule.

I Arendal fekk alle elevane ei forestilling i det nye kulturhuset, og det kosta ingenting for skulen å transportere dei dit, det var lagt inn i tilbodet. Når vi elles får tilbod om kulturopplevingar, må vi ofte betale reisa sjølv, og ein tur til Arendal for heile skulen, kan lett kome på 6-7000 kroner, og då fell det som regel bort. Her er heimesidene til Den kulturelle skolesekken i Aust-Agder: http://www.aabk.no/?itemid=6561

Mandag etter vinterferien får elevane på Valle skule eit nytt tilbod frå den kulturelle skolesekken. Historier fra det gamle prestegårdskjøkken er tittel på framsyninga, som er basert på boka «Det spøker» av Gabriel Scott.

Økonomien i Den kulturelle skolesekken kjem frå tippemidlar. Før var desse bare knytte til idrott, men no er også anna kulturaktivitet kome med. Det er også mogleg å lage ei pakke slik at elevar frå kysten kan kome til Valle og oppleve lokal kultur her i dalen.

1. mars er søknadsfrist for neste barnehageår.

Om du vil ha fallvilt, kan du melde deg på ei liste hos Anna Arneberg, skogbruksjef i Valle. Kravet er at du må ta ein halv elg, til pris på 40 kroner kiloet. Det er jo ikkje så lett å ha plass i fryseboksen til så mykje kjøt, så ein må vel helst alliere seg med nokon for å klare det. For øvrig minna dei bilistar som lyttar på Valle radio om å kjøre forsiktig, det er mykje elg nær vegen no for tida.

Vallehalli er open laurdag, både idrotsshall, symjehall og kafe.

Innimellom informasjonen hadde Leif vald to songar av Henning Kvitnes.

Nytt fredag 24, januar 2006

Share

Programoversikta viser at første post på programmet i dag var informasjon frå Setesdalsmuseet. Diverre var eg oppteken med noko anna då, så eg fekk ikkje med meg kva dette gjekk ut på. Dersom du høyrde på, kan du skrive ein kommentar og fortelje kva det handla om.

Deretter hadde Ørnulf ein lang prat med rådmann Vidar Homme om breiband-satsinga i Valle kommune. Kommunen har teikna kontrakt med Bykle Breiband om å legge optisk fiberkabel gjennom heile kommunen. Den vil til dels ligge i vatn, som i Flåne, til dels i grøft, men der det er gateljos, vil den kunne henge på desse stolpane. Dette er ei investering fyrst og framst for innbyggjarane i kommunen, ikkje minst med tanke på at ein kan få 60 tv-kanalar og telefon gjennom systemet, i tillegg til alt det ein til vanleg tenkjer om breiband. I løpet av året vil kabelen bli vidareført til grensa mot Bygland. Det er også tanken å føre kabelen til Furestøyl i år. Her kan du lese meir om Bykle Breiband og sjekke prisane dei skal ha for å kople seg til.
http://www.istorm.no/category.php?categoryID=1822

Til slutt i denne timen snakka Ørnulf med Kjetil Uleberg og Bernt Bisseth Johanssen http://www.galleribi-z.no/galleri.htm
om ei utstilling på Hovden gård i vinterferien. Dei har mellom anna bilete av Per Fronth, kristiansandaren (fødd 1963) som har vore fotograf i VG og kunstnar i New York. Han har teke bilete på Hovden og så har han arbeidd vidare med dei, mellom anna måla på fotografia. Neste helg vil han vere til stades på Hovden. Andre utstillarar er Mona Ida, Olaug Åsen, Olav Storø, Olav Bjørgum og Karin Bøe. Her er ein link til Hovden gård:
http://tinyurl.com/z685r