Godt og tenleg ver

Share

Kåseri i Valle radio tysdag 21. februar 2006

Det har vore godt med nokre dagar med sol og lettare ver. Ein vert lettare i sinn og syn på livet når sola kjem over fjellet i sør.

Eg abonnerer på nyhetsbrevet til det amerikanske magasinet Christianity Today. Dei har folk som fylgjer med på stoff om kyrkje, religion og vitskap i aviser over heile verda. Det er på engelsk, det er sett med amerikanske augo, men av og til finn vi noko interessant, til og med frå Noreg

Dei har også eit dagens sitat, og 16. februar siterte dei generalsekretær i Sjømannsmisjonen, Kjell Bertel Nyland, som er i Torino-OL, som skal ha sagt at vi ber for dårleg ver slik at konkurransen vert utsett og vi kan starte frå begynnelsen att. I kyrkjebøna ber vi kvar sundag for godt og tenleg ver for bønder og så vidare. Når vi no ber om godt og tenleg ver, ber vi om dårleg ver.

Den bøna vart ikkje høyrt, vinden var lett og konkurransen gjekk i tide, slik at kombinertlaget, som var blitt sjuke, måtte trekkjast frå konkurransen. Her er ein link til denne sjømannskyrkja:
http://www.sjomannskirken.no/dt_singlearticle.asp?gid=48&amid=16174&

I lys av dette såg eg i OL-magasinet til Aftenposten for laurdag. På side 22 var det ei liste over gudstenestene i Oslo-området denne sundagen, som var Kristi forklåringsdag, med tekst frå Joh.17,1-8. Eg kunne ikkje anna enn gle meg. Over hundre kyrkjer innanfor og nærare 50 kyrkjer utanfor Den norske kyrkje kalla til samling denne sundagen. Alt frå Mozart-messe i Oslo Domkyrkje til Strandebarm prosti gudsteneste i Grensen 19 syner eit stort spenn i gudstenestene, og i fleire kyrkjer er det fleire samlingar, ikkje bare klokka 11. Eit anna trekk som slår ein er at det er gudstenester på andre språk enn norsk, her er engelsk, tysk, vietnametisk, kroatisk, kirkeslavisk, svensk, lettisk.

Eit anna trekk er dei mange ulike musikalske krefter som stiller opp til gudstenestene. Domkor, Seniorkor, KoriOslo, KorS, Gladsangkoret, Pilegrimen Mannskor og Vox-1 koret.

Guds menighet er jordens største under, syng vi. I Setesdølen for fredag var det også ei oversikt som inviterte til gudstenestene denne helga. Sjølv i desse OL-tider møtest kyrkjelydane til lovsong og takk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *