Nytt fredag 24, januar 2006

Share

Programoversikta viser at første post på programmet i dag var informasjon frå Setesdalsmuseet. Diverre var eg oppteken med noko anna då, så eg fekk ikkje med meg kva dette gjekk ut på. Dersom du høyrde på, kan du skrive ein kommentar og fortelje kva det handla om.

Deretter hadde Ørnulf ein lang prat med rådmann Vidar Homme om breiband-satsinga i Valle kommune. Kommunen har teikna kontrakt med Bykle Breiband om å legge optisk fiberkabel gjennom heile kommunen. Den vil til dels ligge i vatn, som i Flåne, til dels i grøft, men der det er gateljos, vil den kunne henge på desse stolpane. Dette er ei investering fyrst og framst for innbyggjarane i kommunen, ikkje minst med tanke på at ein kan få 60 tv-kanalar og telefon gjennom systemet, i tillegg til alt det ein til vanleg tenkjer om breiband. I løpet av året vil kabelen bli vidareført til grensa mot Bygland. Det er også tanken å føre kabelen til Furestøyl i år. Her kan du lese meir om Bykle Breiband og sjekke prisane dei skal ha for å kople seg til.
http://www.istorm.no/category.php?categoryID=1822

Til slutt i denne timen snakka Ørnulf med Kjetil Uleberg og Bernt Bisseth Johanssen http://www.galleribi-z.no/galleri.htm
om ei utstilling på Hovden gård i vinterferien. Dei har mellom anna bilete av Per Fronth, kristiansandaren (fødd 1963) som har vore fotograf i VG og kunstnar i New York. Han har teke bilete på Hovden og så har han arbeidd vidare med dei, mellom anna måla på fotografia. Neste helg vil han vere til stades på Hovden. Andre utstillarar er Mona Ida, Olaug Åsen, Olav Storø, Olav Bjørgum og Karin Bøe. Her er ein link til Hovden gård:
http://tinyurl.com/z685r

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *