Valle radio til heile dalen i kveld

Share

Valle radio har sending frå heile Setesdal i kveld med Theis Salvesen som programleiar frå Aktuell time kl. 18 til den opne sendinga blir avslutta nærare midnatt.

I den aktuelle timen frå kl. 18 til 19 har han fått med seg rådmannen i Bygland, Eva Richter. -Ho skal vise ei anna side enn eit strengt blikk på framsida i Setesdølen, seier Theis, som har fleire godbitar på lur. Den nye rådmannen i Evje og Hornnes skal og sleppe til på lufta, og ikkje minst Aud Helene Austegard, som i denne veka vart lansert som ein av Arbeidarpartiet sine mange ordførarkandidatar i Evje og Hornnes.

I Hylestad er det klart for ny møtehelg, og Theis vil ha ein prat med forkynnaren Wiggo Wilhelmsen. Timen blir avslutta med Randi Steinsholt frå Kriseteamet i Bykle kommune. Ho og medarbeidarane hadde det tøft på Hovden tysdag. I Valle radio vil ho fortelje litt om funksjonane som blir sette i verk når ein slik katastrofe skjer.

Frå kl. 19 informerer den nye PUH-leiaren i kommunen, Annette Belland Svendsen om kommunen, og kl. 19.30 deler Bjørgulv T. Berg Tankar frå Bibelen med Knut O. Nomeland.

Frå kl. 20 spelar banksjef Olav Rike litt av den musikken har likar og småpratar litt om dette.

Bygdekvinnelaget i Valle har gjennom det meste av si historie hatt dette «Brevet» som alla talar om, ei bok der lagsfolka har skrive ned saker og ting dei er opptekne av. I Valle Radio kl. 20.30 i kveld gjev Liv Gyro Brokke oss glimt frå «Brevet» med stubbar om det lagsfolka var opptekne av før i tida.

I den opne sendinga frå kl. 21 har Theis med seg den nye Setesdalsrektoren, Birgit Attestog. Dei vil samtale om reiser dei har gjort og stader dei kan tenkje seg å reise til. Det blir også rebusar knytta til emnet, og mykje musikk.

(Setesdølen 3. februar 2006 – side 8)

PS: Frå Aktuell time fekk eg med meg dei siste 45 minutta, og noterte dette:

Theis skal vere med på Hovden-revyen om 14 dagar, Eva Richter er medlem (ikkje lett å karikere ordførar og rådmann når rådmannen er medlem i laget) i Bygland dramatiske – ho har vore dramalærar i sin ungdom – og dei hadde ein prat på telefonen med leiaren for Morus-revyen, Jan Hodne. Dei har premiere onsdag, 8. februar, alt – 850 billettar – er utseld med unntak av ei framsyning laurdag klokka 15.

Jens Arild Johansen er tilsett som ny rådmann i Evje og Hornnes. Han har vore 6 år i Kvinesdal, i 1994 kom han til Lyngdal, der han har stått for arbeidet med å etablere det nye kulturhuset. Utdanninga er 4 år i USA med helse og idrettsfag, Kommunalhøgskolen og Master i offentleg administrasjon. Han skal svare på om han tek jobben i neste veke.

Samtale med Bjørgulv T. Berg om veg til Sirdal og om skilnad mellom offentlege og private prosessar. Ein må ha høve til å arbeide med fleire ting parallellt. Difor må ein respektere kvarandre.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *