Aktuell time 24. mars 2006

Share

I timen frå 18 til 19 ser det ut til at vi får desse sakene:

1. Valle sparebank har lagt fram rekneskapen og delt ut pengar.
Fungerande banksjef Torleif Hovet kjem i studio. Her er rapporten og hovudsida til banken
http://www.terra.as/oth/0080/061480.pdf
www.valle-sparebank.no/

Han har lova å ha med lista over gåver, og eg vil spørje han om namnet på banken snart skal verte Terra.as, som no er blitt domenenamn på nettet. Og så skal vi sjølvsagt snakke om rekneskapen.

2. Rypene rømmer fjellet
I radioen har vi plater med fuglelydar, og til denne posten vil eg nytte fjellrype-lyden. Eg skal ha ein prat på telefonen med oppsynsmann Jon Haugen i Bykle om temaet. Sjå oppslaget i Fædrelandsvennen torsdag: http://tinyurl.com/hnfnm

3. Valle IL hadde årsmøte på Valle motell torsdag 23. mars.
Tarald Myrum vart attvald som leiar, og Torleif B. Harstad vart utnemnd til æresmedlem. Begge kjem i studio i kveld. Her er heimesida til Valle IL: http://www.valle-il.no/
Gå til «Om oss», der finn du linkar til styrepapir og årsmøtepapir.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *