Kommunen informerer 10. mars

Share

Driftssjef Ingvar Nes var kveldens representant frå Valle kommune.

1. Ombygginga på Hylestad skule er no ferdig. I neste veke skal Randi Uppstad vaske ut etter arbeidsfolka. Det har ikkje vore ventilasjon og arbeidsplassane til lærarane har vore for dårlege, men no er det ordna, så nok er ein ferdig der.

2. Måndag startar ein med ombygging på Valle skule. Dette arbeidet er planlagt i tre trinn. Første trinn er i andre etasje på midtbygget, der og er det særleg arbeidsrom for lærarane som er i fokus. Deretter er det første etasje i midtfløyen som skal oppgraderast. Til slutt kjem ombygging av elevfløyane.

3. Kunngjeringar
a. Kulturskulen, korpset og leikarringen skal setje opp Kardemomme By på scene og treng menn som vil vere på scena. Dei treng og løve og kamel.
b. Måndag 13. mars er det barnekonsert med Syngjandi.
c. Kulturmidlar vert lyste ut no med frist 24. mars.
d. Biblioteket inviterer til bok-kafe med frukt og saft for foreldre og born i førskulealder laurdag i Valle kl. 12-13.30 og Hylestad 15-16.30.
e. Dei som vil stå på liste for å ta imot ein halv elg vender seg til skogbrukssjef Anna Arneberg.
f. Har du tilbakemelding om pasient-transporten, melder du det til legekontoret.
g. Treng du å leig møterom i kommunehuset, vender du deg til velkomstsenteret.
h. Etternølarar kan framleis få med rettingar i lokal telefonkatalog. Ta kontakt med velkomstsenteret.
i. Bygdenytt kjem 10. i kvar månad. Frist for stoff er 30. i månaden før.
j. Onsdag 15. er det formannskapsmøte. Her er saklista:
http://www.valle.kommune.no/ Gå til Politiske saker og vidare til Formannskapet.
Telefonnummeret til kommunen er 379 37 500. Då kjem du rett til velkomstsenteret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *