Meir enn ein intelligens. Ein prat med Astrid O. Knutsen

Share

Før sendinga fredag 24. mars fekk eg ein telefon frå Astrid O. Knutsen, som er rektor på Hylestad skule.
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_skule.htm

Ho var ansvarleg frå Valle kommune for innslaget til Kommunen informerer denne fredagen klokka 19:00. Problemet hennar var at heile skulen skulle på studietur denne fredagen, og ho kom ikkje til å vere heime slik at ho kunne kome i studio. Eg reiste difor ut og gjorde eit opptak med henne som vart sendt denne kvelden. Her kjem noko av det på bloggen. Grunnen til at det ikkje er lagt ut før, er at MD-en som opptaket vart gjort på, låg att i radioen etter sending

-Vi skal til Telemark på studietur, vi reiser til Øyfjell skole i Vinje kommune, ein liten, tredelt skole akkurat som Hylestad. Den driv med ein del interessante ting som vi vil sjå nærare på.
http://www.vinje.kommune.no/default.asp?uid=663&CID=58

-Vi har klart å lage oss fri, vi tek ein av dei fem planleggingsdagane som vi til vanleg har i begynnelsen eller slutten av skuleåret. Dermed kan vi reise frå Hylestad skule klokka åtte fredag, og så reiser vi frå Øyfjell skule til Straand Hotell i Vrådal. http://www.quality-straandhotel.no/

-Der overnattar vi til laurdag, så held vi fram med arbeidet der utover laurdagen. Dette er ein personaltur, ikkje bare ein lærartur, så vi har med oss andre i personalet og eit par foreldre frå FAU også. Vi gleder oss, alle saman.

-Kva driv Øyfjell skule med?

-Dei driv med mange spennande ting. Dei siste åra har dei spesielt arbeidd med teorien om mange intelligensar, at eit menneske ikkje bare har logisk/matematisk intelligens, men også kroppsleg intelligens, sosial intelligens, visuell intelligens. Dette har dei brukt mykje tid på å lære foreldre og elevar om, og så brukar dei det som utgangspunkt når dei skal drive tilpassa opplæring og lage arbeidsplanar.

-Klarar dei å få til eit opplegg med arbeidsplanar for alle elevar, ikkje bare for elevar med spesielle behov?

-Det er det vi skal sjå om dei klarar. Eg har vore der før og ser at dei lagar arbeidsoppgåver som skal utvikle alle desse intelligensane, og så må elevane sjølv fylle ut skjema for å sjå kva for ein intelligens som er dominerande hjå dei. (Her er ei side om mangesidig intelligens): http://www.tftnorway.com/artikkel/dinetalenter.shtml

-Harvardforskaren Howard Gardner er opphavsmannen til den teorien dei arbeider med, og elevane vil helst arbeide med det som dei kan best, men så lagar dei arbeidsoppgåver for å utvikle alle dei 7 intelligensane, og så må elevane velge oppgåver som går på dei sidene som dei ikkje er så flinke på, og dermed kan dei få utvikle fleire sider av seg sjølv.

-Det er jo så flott at vi har forskjellige intelligensar, og det som er viktig er at vi verdset dei ulike sidene, at det ikkje bare er den som kan matematikk, eller kan skrive fine stilar og er flink i norsk språk som er noko verd. Det vi kan på andre måtar er jo også viktig. Eg ser nokre av elevane her, dei er utruleg flinke til å jobbe med kroppen og hendene, sjølv om dei ikkje er så flinke i dei såkalla skulefaga. Men det er viktig at elevane sjølv lærer at dette er viktig, og at vi som er rundt dei lærer å verdsette alle sider ved mennesket.

-Tenkjer de å bruke meir av denne teorien på Hylestad skule neste år?

-Vi har ikkje heilt bestemt oss korleis vi skal arbeide vidare med dette, men om vi går inn i modellen slik som Øyfjell skule har gjort eller ikkje, så er det viktig for lærarar å vere klar over dette. Lærarar er klare over dette, men det er viktig å få synligjort det.

-Skulen har forandra seg mykje i løpet av nokre år, og ein er mykje meir observant på slike tilhøve no enn før, sluttar Astrid O. Knutsen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *