Planlagt Postludium fall i fisk

Share

Då eg skulle gå i radioen i kveld, tenkte eg mest på å få med meg CD-ar der eg kunne velje stykke til Dagens Mozart kl. 20:20, så eg tok ei god bunke plater med meg og la i veska, viss om at platene eg hadde planlagt å bruke til Postludium alt var på plass. Det var dei ikkje, eg vart ganske varm i hovudet då eg oppdaga det like før klokka 20.30. Då var det for seint å dra heim etter dei, så det annonserte programmet måtte gå ut. Det vil kome om 14 dagar.

I staden kunne eg bruke ei plate eg hadde lånt av Niklos og som låg mellom Mozart-platene. Det var plata Deutsche Romantik and der Orgel des Münsters zu Dinkelsbühl, Motette CD 13001.
http://www.motette-verlag.de/onlineshop/13001.jpg
Johannes Skudlik, fødd 1957, spelte på Rieger-orgelet frå 1997.
http://tinyurl.com/zrh5l

1. Sigfried Karg-Elert: Choralfantasie «Ein feste Burg», op. 65.

2. Max Reger: Dankpsalm, op 145
I denne brukar han melodiane Was Gott tun, dass ist wohlgetan og Lobe den Herren.

3. Johannes Brahms: Akademische Festouverture op. 80
I denne brukar han Gaudeamus Igitur, den kjende studentmelodien.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *