Fuglar og fisk i Valle radio

Share

-Programmet i Valle radio i kveld handlar om både fuglar og fisk, fortel kveldens programleiar, Harald Haugland, til Setesdølen. -I den opne sendinga frå klokka 21 skal Anne Grete Haugå og Harald Haugland teste kunnskapane til folk når det gjeld fuglar. Anne Grete er eit oppkome av soger knytta til fuglelivet, så eg vonar at ho skal få dei som ringer inn til å fortelje eigne opplevingar knytt til fuglelivet. I samband med rebusane skal vi også spele fuglelydar, så det blir ei interessant sending, seier Harald Haugland.

-Når det gjeld fisk, er det bleka som er tema. Det er mange som har høyrt om bleka i Byglandsfjord, men ikkje alle veit at ein nesten er garantert å få fisk om ein kastar ut snøret. Det er dei to tilsette på Syrtveit fiskeanlegg som stiller opp i Valle radio for å fortelje om denne spesielle fisken. Nils Børge Kile og Bernt Olav Matisen skulle ha godt grunnlag for å fortelje om bleka, Matisen har arbeidd med dette sidan tidleg på 80-talet.

-Elles vert det eit møte med Indre Agder Futsal, klubben som vann NM i innandørsfotball i fjor. Lars Tarald Myrum var med på laget og kjem i studio. I tillegg vert det mykje godt stoff, nytt og litt mindre nytt heile kvelden. Sendinga startar klokka 18:00 og held på til midnatt. Programmet finn du på annnan plass i Setesdølen, sluttar Harald Haugland.

** Dette sende eg som pressemelding til Setesdølen. Eg veit ikkje om dei tok det inn, ho kom litt seint til Bygland torsdag, og ettersom Setesdølen denne fredagen har eit opplag på 12.000, var deadline nokså tidleg, noko eg ikkje var klar over. **

Sendinga fredag 7. april 2006

Share

**Palmefredagssending – heile dalen**

18:00 Nyhetstime
19:00 Valle kommune informerer. Leiar for Bygg, eigedom og anlegg, Halvor Rike
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Indre Agder Futsal vann NM i innandørsfotball 2005. Lars Tarald Myrum fortel
20:30 Bleka i Byglandsfjord. Ein samtale med Bernt Olav Martinsen og Nils Børge Kile på Syrtveit fiskeanlegg.
21:05 Open sending. Harald Haugland og Anne Grete Haugå har fuglar som tema for rebusar og samtaler med folk som ringer inn.