Bispevisitas i Valle prestegjeld 26.-30.april 2006

Share

Dei som kjem:
Biskop Olav Skjevesland.
Prost Ole Gunnar Sæbø (ikkje følgje).
Avdelingsleiar for Agder og Telemark bispedømme si kyrkjelivsavdeling Audun Myhre.
På skulearrangement truleg også undervisningsrådgjevar Torun Pedersen.

Dei som følgjer lokalt: Sokneprest Theis Salvesen.
Ein frå administrasjon: Kyrkjeverje Helene Horverak i Bykle og kyrkjesjef Sissa Ringstad i Valle.
Ein politisk vald: Soknerådsleiar Brita Mosdøl i Bykle og soknerådsleiar Gro Haatveit Hovet i Valle.
Prostidiakon Per Emanuelsen veljer sjølv kva del av programmet han vil vere med på.

Ordførar og kommunal representant i soknerådet veljer sjølv kva del av programmet dei vil vere med på, i mindre kommunar ofte med på meste.

**Onsdag 26.april:**
10.30-11.15 Valle prestegard. Intern samling med dei mest involverte, med gjennomgang av programmet. Mat.
11.30-12.00 Valle alders- og sjukeheim. Andakt (dagsentersamling).
12.30-13.15 Bykle barne- og ungdomsskule. Treff med ungdomsskuleelevane.
13.15-13.30 Rundstykke og kaffi.
13.30-14.30 Treff med lærarane i grunnskulane i kommunen.
15.00-16.00 Hovdenferie. Møte med tema: Samarbeid mellom kyrkje og reiselivsnæring.
16.00-17.00 Hovdehytta. Middag.
17.00-17.30 Fjellgardane kyrkje. Befaring kyrkja og kyrkjegarden.
17.30-18.00 Hovden grendehus. Besøke kunstutstilling laga av barnehagane og grunnskulane.
18.00-19.00 Bykle hotell. Innsjekking
19.00-21.00 Bykle kyrkje. Inspirasjons- og motivasjonssamling for tilsette og friviljuge i kristent arbeid. Mat.

**Torsdag 27.april:**
09.15-10.00 Bykle hotell. Samtalar med kyrkjeleg tilsette
10.15-11.30 Møte med kommunen
11.30-12.30 Lunsj
12.45-13.45 Bykle alders- og sjukeheim. Nattverdssamling/andakt
13.45-14.30 Bykle barnehage. Frukt og uformell prat
16.30-17.20 Hylestad. Bedriftsbesøk Rysstad Laftebygg
17.30-19.45 Rysstad soknehus. Felles soknerådsmøte Bykle, Valle og Hylestad, med middag
20.00-21.30 Hylestad kyrkje. Folkemusikkkonsert, Árinn-festivalen. Biskopen avsluttar konserten.

**Fredag 28.april:**
09.30-10.00 Valle barnehage. Barnehagebesøk
10.00-11.30 Valle kommunehus. Møte med kommunen
12.00-13.15 SETPRO (Øyne i Valle). Bedriftsbesøk (verna bedrift) med lunsj (komper)
13.30-14.00 Hasla (Valle sentrum). Bedriftsbesøk (sylvsmed)
14.00-14.30 Valle prestegard. Medarbeidarsamtale med soknepresten
14.30-15.30 Valle kommunehus. Samtalar med kyrkjeleg tilsette.
15:30-18.00 Pause med tid for middag.
18.00-19.30 Bykle kyrkje. Familiekveld med nattverd. Is og frukt i kjellaren etterpå.

**Laurdag 29.april:**
Oppsummering og førebuing til gudsteneste og visitasforedrag.

**Sundag 30.april:**
11.00-12.30 Valle kyrkje. Høgtidsgudsteneste med kyrkjekaffe og visitasforedrag.

Her er link til omtale av visitasen i sendinga tysdag 18. april
http://tinyurl.com/kn2ps