Kommunestyremøte 25. april 2006

Share

I møteplanen for kommunestyret i Valle kommune står det at det skal vere møte 26. april, men så vart det flytt fram ein dag. Dermed vart det kollisjon i Valle radio, og tysdagssendinga mi måtte vike.

Kommunestyret hadde to orienteringssaker, først handla det om Setesdal Regionråd, deretter om omorganiseringa. Dette tok det meste av møtet, klokka var nærare halv åtte då det ordinære møtet vart sett. Men det gjekk fort. Etter at ordføraren hadde referert fem referatsaker, var det klart for dei ordinære sakene: Førespurnader (ingen), Ordføraren orienterer (ingen kommentarar), Oppnemning av arbeidsgruppe for planlegging av kulturhus (Per Kristiansen, leiar, Pål Dale, Hallvard Tveit og Kent Lund), Kompetansebyggingsplan for grunnskulen (ingen kommentar) og Husleige kommunale bustader (Etter husleieloven er det ikkje lov å auke husleiga meir enn konsumprisindeksen, så dei som har betalt for mykje siste tre år vil få tilbakebetalt det dei har betalt for mykje.). Dermed var møtet slutt, og eit avkorta ordinært tysdagsprogram kunne startast klokka 19:45.

Programendring

Share

Det syner seg at Valle kommune har flytta kommunestyremøtet for april til tysdag, altså i dag, i staden for onsdag, som er vanleg møtedag.

Det fører til at sendinga i kveld blir endra. Eg kjem til å gå på lufta etter at kommunestyremøtet er slutt og sende deler av programmet eg hadde planlagt. Kva og kor mykje det blir, veit eg ikkje enno. Skru på radioen klokka 18:00, høyr på kommunestyret og hald fram etterpå, så får du etter kvart vite kva det blir til.

Harald