Aktuell time fredag 7. april 2006

Share

18:00 Nyhetstime
Første tema var Ny rådmann i Valle. Noverande rådmann Vidar Homme fortalde at han hadde halde seg utanfor arbeidet med å finne sin etterfølgjar, men at kommunestyret i går, torsdag 6. april, tilsette Arne Tronsen, dagleg leiar i Setesdal regionråd i stillinga. Sjølv skal han begynne i ny stilling i Bykle frå 1. september. http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=370

Neste tema var Valle kommune i skibakken. Rådmann Vidar Homme fortalde at Valle kommune har hatt fleire slike tiltak for å skape samhald mellom folk som jobbar i kommunen. I haust var det ei flott samling med Per Anders Nordengen som kåsør og med mykje bra underhaldning, mellom anna ein film der rådmannen og driftssjef Ingvar Nes prøvde seg på oppgåver rundt om i etatane i kommunen. Astrid Nomeland, tilsett i ein liten stilling, kom også i studio og fortalde om gleda ved å ta på seg alpinski, skidagen i Brokke onsdag 5. april var puffet som ho trong for å få på seg alpinski i år. Etter tre rundar i bakken kjende ho det framleis i beina.
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=367

Til slutt snakka vi litt om evalueringsrapporten frå omorganiseringa i Valle. Oppslaget i Fædrelandsvennen var sett på spissen, det stod meir i rapporten enn det ein kunne lese der.
http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article353895.ece
Rapporten skal brukast til å utvikle sider der kommunen ikkje er god, slik at dei kan bli betre, men det er for tidleg i denne prosessen til å trekke konklusjonar enno. Truleg vil dette vere tema i program seinare i Valle radio.

Neste tema var det Karin Bøe i Valle Vev som stod for. Ho skal vere med på to utstillingar på Hovden i påska, både «Kreative Kvinner» si utstilling på Hovden Grendehus frå onsdag 12. april kl. 12 til og med langfredag 14. april. Der finn ein også Sørlandsutstillinga frå palmesøndag til 1. påskedag, (open mellom 12 og 18). http://www.sorlandsutstillingen.no/ På denne linken kan ein sjå alle bileta på Internett. Karin Bøe skal også vere med på påskeutstillinga på Hovden gård. http://tinyurl.com/z685r

Vi tok og ein telefon til Mona Ida Frøysnes om påskeutstilling og konsert på Bykle Hotell. http://www.byklehotell.no/

Neste tema var Gilde og Prior fusjonerar. Torleif B. Harstad var på Bolkesjø Der snakka dei også om e-coli-problema som Gilde har hatt, og Torleif fortalde litt om systemet ein har hatt for å gje eigarane – bøndene – representasjon i organisasjonen sine organ.
Her er hovudsida til Gilde http://gilde.no/

Torleif Homme kom så i studio for å minne om ein viktig sak:
Hugs å sjekke brannvarslaren i hytta. Hyttebrannen på Hovden minna oss om at det er viktig å ha utstyret på plass og i orden, ein kontroll seinare viste at ei av fire hytter hadde manglar og feil på utstyret. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1210609.ece fortel om hyttebrannen, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sorlandet/5525280.html fortel om kontrollen.

Til slutt kom Malmfrid Nyborg Homme i studio for å fortelje om eit arrangement som folkeakademiet i Valle skal ha 3. påskedag om hageglede. Tysdag 3. påskedag klokka 20.00. Litt nede på denne sida finn du informasjon om programmet: http://www.folkeakademiet.no/distrikt/09.htm

Dermed var første timen av kveldens sending slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *