Bleka i Byglandsfjord.

Share

**Ein samtale med Bernt Olav Martinsen -BO- og Nils Børge Kile -NB- på Syrtveit fiskeanlegg** Ved Harald Haugland -HH-
Sendt i Valle radio fredag 7. april 2006

HH: Det er mange som har tenkt på bleka i Byglandsfjorden når dei kjører forbi fiskeanlegget på Syrtveit på veg oppover Setesdal på påskeferie. Har du vore med lenge i blekeprosjektet her?

BO: Eg har vore med i opplegget med settefisk og blekeproduksjon sidan tidleg på 80-talet.

HH: Då skjønar eg at eg har treft den rette personen når eg no vil snakke om bleka. Det er jo ein fantastisk jobb som er gjort ved at ein no har klart å berge bleka, vil du ikkje seie det?

BO: Jo, den gongen redningsaksjonen vart sett i gang for å berge bleka, var ho vel meir og mindre døydd ut i vassdraget her. Det var lokale eldsjeler som den gongen ropte eit varsko og det vart sett i gang ein aksjon for å berge henne, og det lyktest jo, kan ein seie.

HH: Det lyktes på den måten at det vart teke i bruk ulike tiltak. Korleis var det?

BO: Den gongen var det veldig dårleg vannkvalitet i vassdraget her. Spesielt var det problem på det gamle klekkeriet som låg på Bygland. Det dei gjorde den gongen, var å overføre nokre få individ som dei greidde å berge til eit settefiskanlegg på Reinsvoll. Dei hadde så pass god vannkvalitet at der greidde dei å halde liv i fisken.

HH: Prøvde dei ikkje å sende fisk til to anlegg?

BO: Det var nok andre anlegg som var inne i biletet, men det var Reinsvoll som hadde ein vannkvalitet den gongen som gjorde at dei greidde å berge bleka. Ein må hugse at dette var ein periode der det var stor dødelighet på fisk på grunn av for sure vassdrag. Det lokale klekkeriet på Bygland hadde store problem med vannkvaliteten den gongen.

HH: Og så kom fisken tilbake frå Reinsvoll til Byglandsfjord?

BO: Ja, etter kvart fekk vi orden på vannkvaliteten på Bygland og fekk tilbake materiale frå Reinsvoll. Så kunne vi starte med utsetting i Byglandsfjorden.

HH: Anlegget på Syrtveit, kva tid kom det?

BO: Oteraaens Brugseierforening bygde det tidleg på 90-talet, det stod vel ferdig i 1992. Det fekk fart i arbeidet med berging av Byglandsfjordbleka.

HH: Nå er det kome ein rapport. Bleka i Byglandsfjorden. Bestandstatus og tiltak for naturleg rekruttering. Den kom i 2005.
http://www.dirnat.no/wbch3.exe?ce=25669 Kva er det som er status no, Nils Børge Kile? Kva kan vere tiltak for auka naturleg rekruttering?

NB: I rapporten er det samla saman fangsttal frå dei lokale fiskarane i Byglandsfjorden for å sjå kor stor andel det er av bleke i fangstane. Det viser seg at ein tek til å få gode gjenfangstar særleg av den fisken som er utsett frå Syrtveit. Blekebestanden blir halden oppe ved utsetting. Dei seinare åra er det og påvist eigenrekruttering av bleke. Men foreløpig er det veldig låge tal og sporadisk i einskilde område. Nå jobbar ein vidare med å sjå på dei gamle gytelokalitetane, om ein kan gjere noko der for å auke den naturlege rekrutteringa. Seinast i fjor vart det lagt ut eit nytt gyteflak. På Vassenden, eitt av dei gamle rekrutteringsområda har vi lagt ut gytegrus og lagt til rette for at bleka kan gå inn på den. Alt no verkar det som om bleka går inn og gyt på den, så no vert det spanande i åra framover.

HH: Kva slags grus er gytegrus?

NB: I det samarbeidet vi har hatt med NFI (Universitetet i Bergen) har vi prøvd å finne ut kva slags grus bleka likar og der har ein kome fram til ein storleik på grusen som er ideell, og slik grus er lagt ut i dei områda.

HH: Korleis er den storleiken?

NB: Eg kan ikkje detaljane, men grusen er 1,5 – 2 mm i gjennomsnitt. Slik grus har vi no lagt ut i Vassenden og no må vi fylgje opp der for å sjå korleis det resultatet blir. Om dette slår til kan det i framtida bli aktuelt å etablere fleire slike gyteområde. Men det er litt tidleg å seie noko bastant på dette.

HH: Når de set ut fisk, så merkar de den?

BO: Ja, det stemmer, vi klipper den lille fettfinna som alle kjenner bak ved sporen. Den blir klipt bort på all settefisken. Den blir sett ut i slutten av juli, begynnelsen av august. Då er den ferdig merka og klar for utsetting. Det fine med dette er at vi med hundre prosent sikkerheit kan skille den utsette fisken frå den fisken som blir rekruttert naturleg i fjorden og som har fettfinna.

HH: De set ut 100.000 fisk i året.

BO: Ja, men i tillegg til det er vi no i gang med planting av øyerogn. Det vil seie rogn der ein kan sjå augo på fisken i rognkornet. Det legg vi ut i gruskassar på gamle gyteplassar som vi kjenner. I desse kassane brukar vi den grustypen som bleka nyttar når ho går inn og gyt naturleg.

HH: Står du med saks og klypper fettfinna av 100.000 fiskar?

BO: Ja, vi står med saks. Kvar einskild fisk vert bedøvd slik at han er lett handterleg, så blir han klypt og sett tilbake i karet. Han kjem seg veldig fort igjen. Fisken taklar det veldig godt.

HH: Treng ikkje fisken den fettfinnen?

BO: Nei, ikkje så vidt eg kjenner til, sjølv om det nok har vore diskutert.

HH: Det er jo ein veldig effektiv måte å sjå skilnaden.

BO: Ja, det er klart, ein hadde jo ikkje hatt høve til å skjelne mellom utsett fisk og sjølvrekruttert bleke om ikkje fisken hadde vore merka.

HH: Korleis har ein peiling på gyteplassane?

NB: Det er jo mykje gammal historie frå Byglandsfjorden om dei gamle gyteplassane. Vassenden i sør og elvestrekninga frå Ose opp til Hallandsfossen har kjente og gode gyteplassar til bleka. Dette har ein fått kjennskap til frå lokalbefolkninga.

HH: No er det jo kome eit kraftverk til, Hekni. Har det stoppa bleka, så den ikkje lenger kjem opp til Hallandsfossen.

NB: Det er gjort lite på strekningen frå Ose og oppover, så det er lite data på kor mykje bleke som går oppover. Eit problem er også surheita frå sidevassdraga. Bleka er jo ein laksefisk og den er meir ømfintleg overfor surt vatn enn auren. I åra framover blir det nok kanskje lagt meir vekt på å sjå på det området også, slik at ein kan få oversikt over bleka si vandring.

HH: Men vatnet er blitt mykje betre i heile vassdraget no?

BO: Ja, det er heilt klart, og det har nok vore med og hatt positiv verknad på resultatet her i vassdraget også. Dei siste åra har vi fått gode resultat på gjenfangst på den utsette bleka.

HH: Eg høyrde Matzow- http://tinyurl.com/menjk -fortelje at no var vannkvaliteten slik at auren kom att i vatna på fjellet. Det tyder vel og at auren er i Byglandsfjorden. Korleis lever dei side om side?

BO: Dei har kvart sitt leveområde i fjorden. Når ein snakkar med eldre som hugsar den tida det var godt med bleke i Byglandsfjorden, så var det 50/50 i fangstane. Auren lever inne langs breidda på botndyr og tek til seg den type næring, medan bleka lever i stim ute i dei frie vannmassane, det vil seie at den lever av pelagisk plankton. Dei konkurrerer ikkje med kvarandre.

HH: Det er eitt problem som sikkert må ha ein innverknad på dette, og det er reguleringssituasjonen. Nokre gonger er Byglandsfjorden låg og nokre gonger er han høg. Plutseleg ligg gytegropene tørre.

NB: Det er er eit problem for både auren og bleka. Men det er noko som blir sett på i den vidare delen av blekeprosjektet. I Vassenden blir reguleringa gjort i forhold til gyteplassene som er etablert ved brua over til Senum slik at ein kan sjå korleis dette verkar inn på fisken. Reguleringa verkar og inn på mat-tilbodet for fisken. Ein god del næringsdyr blir slått ut, det er eit velkjent problem.

HH: Tek regulanten omsyn til det?

BO: Ja, det gjer han, og arbeidet med å finne gyteplassar må også ta omsyn til at stadene ikkje i så stor grad skal vere påverka av reguleringa. Dette jobbar ein med i dag.

HH: Korleis vil du beskrive den prosessen som skjer her på Syrtveit?

BO: Slik som anlegget er bygd opp her så er det vel naturleg å starte med stamfisken. Det er jo den som legg grunnlaget for produksjonen. Den stamfisken vi har i anlegget i dag er henta inn som øyerogn frå foreldrefisk i fjorden. Den blei lagd inn som øyerogn og klekka, så forar vi han fram til stamfisk – tre til fire år – då er han kjønnsmoden, gytemoden, stamfisk. Den tek vi då rogn frå. Grunnen til at vi Når vi tek inn stamfisk frå fjorden på denne måten, vonar vi at foreldrene til den settefisken vi produserer her, skal vere så nær opp til villfisk som mogleg. Alle foreldrene til stamfisken vi brukar er etter sjølrekruttert bleke frå fjorden. Vi legg inn rogn midt i desember i klekkebakkane her på anlegget. Då stryk vi stamfisken og tek rogn og melke frå den. Så vert han befrukta i anlegget og lagt inn i klekkebakkane. Der ligg han til rundt midten av mai, så klekker han. Då har han med seg plommesekken, nistepakka si, og når den er brukt opp, tek vi til å fore han. Vi forar han gjennom sommaren til han er 5-6 cm. Då er han klar for utsetting.

HH: Kva forar de med?

BO: Det er for som vi kjøper frå produsentar av fiskefor. Det er tilsett dei næringsstoffa som fisken skal ha.

HH: Er det bare å sleppe fisken ut i elva utanfor anlegget?

BO: Vi spreier fisken så godt som mogleg langs heile vassdraget. Det meste vert sett ut i Byglandsfjorden og Åraksfjorden. Så vert det sett ut noko nedstrøms dammen også. Det er viktig å finne stader der han kan gøyme seg for annan fisk i fjorden. Dei første dagane etter utsetting er han nok litt tummelumsk. Når han skal frå karet her på anlegget og ut i den store Byglandsfjorden, er det viktig at han har skjul i starten. Om ikkje, kan han fort bli mat for svolten aure. Alle veit at det er alt for mykje aure i Byglandsfjorden. Den er svolten, den har mangel på mat og er hissig på småbleke som vi har sett ut. Difor må vi prøve å gøyme han så godt vi kan, innimellom steinar og kvist. Ein svolten aure i Byglandsfjorden treng ikkje vere stor for å sluke ein eittårig blekefisk på fem centimeter. Det har vi sett eksempel på når vi har gått og sett ut fisk. Difor er det viktig at dei kan gøyme seg.

HH: Når du set dei ut, er dei åleine då?

BO: Nei vi set dei ut i små grupper ut frå korleis tilhøva er. I eit område med godt med stein og plasser til å gøyme seg kan ein setje ut fleire, for det er eit godt oppvekstområde. Etter kvart som dei veks til trekkjer dei meir ut i fjorden. Vi må også vere nøye på at det er god temperatur i vatnet og godt med plankton slik at dei fort kan finne mat. Det gunstige er når det er 14-15 grader i vatnet. Då vert det også godt med plankton.

HH: Er det ikkje gyteplassar nok i fjorden til at ein bare kunne bruke dei plassane som alt er i fjorden. Treng ein styre med å skaffe grus og legge ut nye gyteflak?

NB: Det er lite undersøkt. Fugleøyni nord for Storestraumen har gode forhold, og så er det her sør i Vassend som er undersøkt. Men i åra framover kjem ein til å undersøke fleire plassar og sjå på korleis lokalitetane er eigna til gyting for bleka.

HH: Korleis undersøker ein dette?

NB: Dei siste sesongane har det vore folk frå Universitetet i Bergen som har vore rundt i dykkerdrakter og dykka ned for å sjå på områda. No tek dei til å få litt erfaring med kva slags område, korleis områda til bleka skal sjå ut. Dei har vore leia av Bjørn Barlaup http://www.uib.no/info/dr_grad/96/august/barlaup.html

HH: År om anna brukast ein del pengar på dette? Når vi kjøper bleke som middag på ein restaurant står ikkje prisen i tilhøve til det som er brukt på å få fram denne fisken.

BO: Bleka er ein eksklusiv fisk, den er heilt spesiell. Det er jo bare her i Otra-vassdraget vi ha bleke. Det finst tilsvarande relikt laks, men bleka er jo spesiell. Ein kan ikkje sjå på kostnadene på same måte som elles, dette er ein utrydningstrua art og ein må bruke det det kostar for å ta vare på dette fiskeslaget. Det er ikkje lett å seie kor mykje som har blitt brukt på dette opp gjennom åra, men når ein ser på resultatet, så vil eg tru at det har vore verd det.

HH: Det er jo fantastisk at ein har klart å få denne fisken, som ikkje tåler så mykje surt vatn, til å overleve.

BO: Ja, det er jo ein laks på same måten som den atlantiske laksen. Men bleka lever heile livssyklusen i ferskvatn og har vore utsett for dårleg vannkvalitet.

HH: Kvifor kjem ikkje bleka seg ut i sjøen som den atlantiske laksen?

BO: Etter siste istid og landhevinga har bestanden utvikla seg her i vassdraget. Om bleka ikkje kjem ut i havet eller om ho ikkje kjem opp i elva, det kan ein sjå på ulike måtar. Men ho lever heile syklusen sin på ferskvatn.

HH: Er det mange som fiskar med stang etter bleke.

BO: Ja, det tek seg meir og meir opp. Bleka er jo ein laks, og det er klart at når ein går med slukstang eller fluestang langs elva her, så er det stor skilnad på å få bleke og aure på stanga. Bleka er mykje meir sprelsk og frisk av seg, så ein merkar stor skilnad på det og det vil eg tru er populært for ihuga sportsfiskarar.

HH: Ein må kjøpe fiskekort?

BO: Otra fiskelag sel fiskekort. Det kan ein få kjøpt alle stader her i dalen.

HH: Det er ikkje så dyrt som når kongen reiser til Namsen og fiskar laks.

BO: Nei, her får ein fiske laks for ein rimeleg penge om ein ikkje har ambisjonar om dei store fiskane. Folk kan stå ved kanten på Byglandsfjorden og rekne med å få bleke.

HH: Elles er det næringsfiske med garn og ruser.

BO: Ja, det blir drive næringsfiske i vassdraget her. Mest rusefiske. Det er meir effektivt og arbeidssparande for dei som driv det, og kvaliteten på fisken vert betre.

NB: Nyleg var det eit møte for dei som leverer fisk gjennom Stein Uleberg i Setesdalmat. Dei får betaling for å levere fisken.

HH: Kor stor er den største bleka du har sett.

NB: Den største eg har vore borti var litt over 200 gram.

HH: Det er jo ikkje det same som å fiske laks i Namsen eller Mandalselva. Men her kan ein få mange fiskar?

BO: Fiskeplassane er lett tilgjengeleg. Om du skal ha med barn på fisketur, så er Byglandsfjord og Otravassdraget ypperleg for familiefiske. Er du ein ihuga sportsfiskar og skal ha det største, så blir bleka kanskje lita, men ho er alltid rød og fin i kjøttet, ho smaker godt og er fin å på grillen ein sommardag. Det er også godt med aure i vassdraget her. Har du glede av å fiske kan du lett kome til fine fiskeplassar her, og du kan lett få stor, fin aure.

HH: Lukke til med det vidare arbeidet med å ta vare på bleka. Takk for praten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *