Halvor Rike i Kommunen informerer

Share

Fredag 7. april var det leiar for Bygg, Eigedom og Anlegg (BEA) i Valle kommune som skulle informere i Valle radio klokka 19:00. Det var første gong Halvor hadde denne oppgåva, og her er noko av det vi var innom:

BEA har 11 mann i teknisk vedlikehald og 10 reinhaldarar. Ikkje alle reinhaldarane i kommunen er i denne avdelinga, nokre er organisert under den driftseininga dei arbeider i. Reinhaldarane i Valle kommune skal i mai til Brüssel på ei reinhaldsmesse, og Halvor har fått tilbod om å vere med på turen. Her er glimt frå reinhaldsmessa dei var på i oktober på Lillestrøm. http://www.valle.kommune.no/innhald/h_reinhaldstur.htm

Når det gjeld renovasjon er det i påsken kjørt ut containerar til å ta vare på avfall frå dagsturistar på dei mest populære utfartsstadene. Det kan kome vel med, men Halvor presiserte at desse containerane ikkje er for normal hytterenovasjon. Då eg fortalde at glascontaineren ved Bergtun var full tidlegare fredag, lova han å setje opp ein ny før påske.

Vi snakka og noko om arbeidet kommunen gjer for å legge til rette for nye bustader. Ein har no rydda trea i vegtraséen til bustadfeltet Åsan 2 på Rysstad. Det er og planar om å få til fleire bustader i nedre del av Leite, men om det lukkast, er uvisst, mellom anna fordi planen inkluderer bruk av dyrka jord.

Vidare skal ein fullføre arbeidet med vegljos frå Jore til Homme. Her vil det og kome breiband i luftstrekket, det er greitt å nytte stolpane også til breibandskabel. Arbeidet med vassleidning til Hovet held fram, men her må ein krysse Otra nedstrøms Brokke, og det er ikkje gjort utan mykje planlegging, men det er tanken å nytte høvet ein gong i haust når det skal vere stans i kraftverket nokre dagar. Breibandskabelen vil nok bli lagt over elva ved Skagebrua og følgje ljosstolpane over til Hovet og Bjørgum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *