Påskesendingane 2006

Share

Eg tok ein tur ned på Valle Motell for å lage eit intervju med redaktøren av Valle radio, Hallvard Kjelleberg. Han hadde ansvaret for alle påskesendingane.

-Me starta onsdag før skjærtorsdag. Ørnulf Hasla var utereporter og snakka med folk både på Rysstad og i Brokke. Frå klokka 21 var Åsmund Aamli og Rolf Erik Homme på plass med gitarar i studio. Då showa me og hadde det moro med rebusar og musikk, men eigentleg selde me ikkje lodd denne kvelden, sjølv om det var nokre som ringde inn og ville kjøpe lodd. Me heldt på heilt til klokka halv eitt, det var ei fin opptakt til sendingane som skulle kome.

-Så var det torsdag. Då starta me klokka 19 med Brokke-opplegg. Sidan var det Theis-timen, der Theis snakka med prostidiakon Per Emmanuelsen og Sissa RIngstad. Deretter var det lodd, lodd, lodd. Eg hadde med meg Rolf Erik og Tore Katterås i studio, til saman var me 12 personar og me hamna på 75.000 i loddsal.

-Sundag tala me med hjelpekorpsa til å begynne med, deretter hadde Håvard Viki andakt. Både torsdag og sundag las Jorunn frå bygdekvinnelaget si lagsavis, men deretter var det atter basar. Rolf Erik var med meg i studio, men då trekninga skulle skje, kom lensmann Knut H. Nomeland i studio og stod for den. Rolfs Elektro Sørlandsparken vann dalebuksa, Dudda på Hovet vann Tyrkiaturen. 159.350 kroner var resultatet då trekninga fann stad.

-Eg vil takke alle som hjelpte i radioen og alle som kjøpte lodd, seier Hallvard Kjelleberg. Det er ingen tvil om at han er vel nøgd med sendingane.

-Det var også flott å ha det nye tekniske utstyret på plass. Eg likte godt ordninga med SMS-helsingar, dei kom rett inn i studio. Og så har me fått utstyr for å kjøre musikk via datamaskina, og det fungerer svært flott. Jinglane kunne eg styre frå studio, det gjer heile avviklinga meir smidig, sluttar han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *