Postludium 25. april 2006. Dubois

Share

Sjølv om det var kommunestyremøte frå klokka 18, kom dette programmet til vanleg tid kl. 20:30. Grunnen til det var at eg flytte litt rundt på sendeskjema og sende Over ein open Bibel frå klokka 19:45 og Noreamagasinet klokka 19:00. Dermed kunne musikken av Theodore Dubois kome som planlagt.

Denne kvelden hadde eg funne tre stykke av Dubois på Internett. Eg var blitt inspirert av Bodil Fagerheim sin konsert i Tjensvoll kyrkje i Stavanger skjærtorsdag. Då spelte ho Fiat Lux, Bli lys, av denne franske komponisten. Det var opningsstykke på konserten, og det var ei stor oppleving å høyre dette stykket, som startar så stille og forsiktig (ppp i musikkspråket) og så veks mot eit musikalsk solskin.

Clément Francois Théodore Dubois (1837-1924) etterfulgte i 1877 Camille Saint-Saëns som organist i Madeleinekyrkja i Paris. Han var rektor på konservatoriet i Paris frå 1896-1905, men måtte gå av frå denne stillinga fordi han ikkje ville gje Prix de Rome (førsteprisen i komposisjon) til Maurice Ravel, som frå 1901 til 1905 strevde for å få prisen.

1. Fiat Lux vart i radioen 25. april 2006 spelt av organisten i Southwell Cathedral i England, Paul Hale. Hale er også redaktør av det engelske bladet Organist’s Review, og han har skrive om over 2000 plater der. Om du fylgjer denne linken, kjem du til ei side der du nederst finn stykket Fiat Lux og kan høyre det frå din eigen PC:
http://www.orgwebs.net/notts/sound_file_library.htm Klikk med høgre mustast på linken og trykk på Lagre mål som, så får du fila overført til din PC.

På denne linken http://www.southwellminster.org.uk/choir/naveorg.htm
finn du informasjon om orgla i Southwell Cathedral, og øvst på sida er det ein knapp som heiter Personnel. Der finn du biografien til Paul Hale.

2. Det andre stykket i kveld var eit Preludium, spelt på orgelet i St. Kilda Town Hall, Melbourne, Australia. Informasjon om orgelet og link til musikken finn du her: http://www.ohta.org.au/famous/organs/STKildaTH.html og informasjon om organisten Michael Dudman finn du her: http://www.organsandorganistsonline.com/dudman.htm

3. Det siste stykket var Dubois sin velkjende Toccata, spelt av organist Gillian Weir. Du finn informasjon om henne på Organs and Organists Online, som er ein nettstad med mykje orgelrelatert stoff: http://www.organsandorganistsonline.com/williams.htm Nederst på denne sida ligg også mp3-fila eg brukte i programmet: http://www.organsandorganistsonline.com/download.shtml
Nederst på denne sida ligg informasjon om orgelet:
http://www.notredamechurch.co.uk/eng/info/art.html

I eit innlegg på lista Piporg-l skriv John C. Henderson, som har gjeve ut boka A Directory of Composers for Organ http://www.rscm.u-net.com/ om komposisjonane til Dubois:

His compositions include works for the stage, oratorios, many
motets and a total of 88 organ pieces.

He is best known for his Toccata from **Douze Pieces of 1886** (Prelude in F, Offertoire in E, Toccata in G, Verset de Procession, Offertoire in E , Verset-choral, Fantaisie in E, Meditation in E , Marche des Rois Mages, Offertoire in E , Cantilene nuptiale, Grand choeur in B )[LED][BEL].

The second set of **Douze Pieces Nouvelles** are perhaps more interesting (Prelude and Fugue in D, Chant pastoral, Cortege funebre, La Fete-Dieu, Canon, Alleluia, Noel, Fiat lux, In Paradisum, Offertoire in D- minor, Theme provencal varie, Marche
triomphale in E ) 1892 [LED].

Other pieces include **Dix Pieces** (Entree, Entree en Forme de Carillon, Offertoire in B-minor, Offertoire in E, Elevations in E & B, Communions in G & G, Sortie’s in D & A) 1889 [GS][HGL],

Three Pieces (Prelude Grave, Adoratio et Vox Angelica and
Hosanna – Chorus Magnus) Op.80 1890 [SCH],

Messe de Mariage (Entree du cortege, Benediction Nuptiale, Offertoire, Invocation, Laus Deo-Sortie) 1891 [LED][BEL][OEC],
Petite Pastorale Champenoise [UMP] and

Seven Pieces (Prelude in C, Cantilene religieuse, Marcietta, Interlude in E , Priere in D, Postlude- Cantique, March-Sortie) 1898 [BEL][NOV].

42 Pieces for Organ or Harmonium of 1926 were from [HGL].

(Store bokstavar i parentes syner til forkortingar for musikkforlag som gav ut stykka.)

Orgelmusikken til Dubois er gjeve ut på plate. Her er ei side om dei platene: http://www.theodore-dubois.de/

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *