Dagens Mozart – Elvira Madigan

Share

2. mai spelte eg 2. sats frå Piano Concerto No.21 i C-dur, Andante.
Denne satsen vart nytta i filmen om Elvira Madigan, som kom på -60-talet, ein svensk film. Sidan har stykket ofte blitt kalla med filmnamnet. Her er link til notene og litt info:
http://www.musica.co.uk/recordingsuk/mozart21piano.htm
http://www.mfiles.co.uk/scores/mozart-piano-concerto-21-2-elvira-madigan.htm
Om du har Sibelius Scorch Plug-in på PC-en din, kan du spele stykket frå denne adressa.

Opptaket eg nytta 2. mai var ikkje så godt, så eg ville gjerne spele stykket i eit betre opptak 9. mai, men samtalen med Lisbeth i Bokaktuelt vart så lang at det måtte eg utsetje til seinare.

Bokaktuelt – Hagebøker og Nynorsk litteraturpris

Share

Eg slår saman omtale av Bokaktuelt 2. og 9. mai der eg tala med biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme på Valle folkebibliotek.

**Hagebøker**
I Bokaktuelt 2. mai snakka vi om hagebøker. Mange av dei Lisbeth hadde på biblioteket, var alt utlånte. Her er ei liste over bøker med tema hagebruk på Valle folkebibliotek, inkludert skulane i Valle.

Antall treff: 34

1. Din egen biodynamiske hage
631.5; Arman, Kjell; 1981 (Valle hovudbibliotek)

2. Pia planter : kjerner, frø og andre ting
u635; Björk, Christina; 1980 (Valle hovudbibliotek)

3. Blomstrende hage uten slit
635; 1995 (Valle hovudbibliotek)

4. Damms store bok om frukt og grønnsaker fra egen hage
634; 2003 (Valle hovudbibliotek)

5. Damms store grønne hagebok
635; 2003 (Valle hovudbibliotek)

6. Ideer og løsninger til hagen
635; Eriksson, Börje; 2003 (Valle hovudbibliotek)

7. Den lille hagen
635; Gjefsen, Dorte; 2002 (Valle hovudbibliotek)

8. Se som det vokser : egne urter i potter og bed
u635.7; Granrud, Lill; cop. 1998 (Valle hovudbibliotek)

9. Hageeierens oppslagsbok
635; Greenwood, Pippa; 1997 (Valle hovudbibliotek)

10. Gyldendals store hagebok
q635; 1990 (Valle hovudbibliotek)

**11. Våre friske krydderurter : en kjærlighetsbok om bruk, stell og dyrking**
635.7; Hafskjold, Unni; cop. 1996 (Valle hovudbibliotek)

12. Vi lager våre egne hageplanter : formering av trær, prydbusker, klatreplanter og stauder
635; Hansen, Egil; 1983 (Valle hovudbibliotek)

13. Det spirer og gror : hagekalender for alle barn og andre nybegy nnarar
u635; Hellmark, Solveig; 2005 (Valle hovudbibliotek)

14. Det spirer og gror : hagekalender for alle barn og andre nybegy nnarar
Hellmark, Solveig; 2005 (Hylestad skule)

15. Ida og Martin : Gartnerskolen
u635; Hjort, Sofi; 2003 (Valle hovudbibliotek)

16. Hus og hjem : Hage og veranda
640; 1986 (Valle hovudbibliotek)

17. Kasper sår
bl/a,b; Klinting, Lars; cop. 1998 (Valle hovudbibliotek)

18. Villrosene : økologi i hagen
635.048 L; Leisner, Marianne; cop. 1996 (Valle hovudbibliotek)

19. Den grønne terrassethrilleren
bu,u; Lillo, Gerd Eva; 1994 (Valle hovudbibliotek)

20. Anders i kjøkkenhagen
u635; Näslund, Görel Kristina; 1988 (Valle hovudbibliotek)

21. Nye håndbok i plante- og hagestell
635; 1995 (Valle hovudbibliotek)

22. Lettstelt hage på naturens vilkår
635 O; Olausson, Ingrid; 1997 (Valle hovudbibliotek)

23. Blomsterbedet i hagen
635.96; Raybo, Bjørg A.; 2002 (Valle hovudbibliotek)

24. Teknologisk forlags store hagebok
635; Samuelsson, Lars-Eric; 1995 (Valle hovudbibliotek)

25. Hagebok for barn og ungdom
u635; Skard, Olav; 1978 (Valle hovudbibliotek)

**26. Late hager : din guide til en lettstelt hage**
635; Smaaland, Tor; 2003 (Valle hovudbibliotek)

27. Inspirasjon og enkle snarveier til din drømmehage : fra små balkongkasser til store hager
635; Smaaland, Tor; 2004 (Valle hovudbibliotek)

**28. Grønn lidenskap : om mennesker og urter**
635.7 S; Sparstad, Elisabeth; cop. 2000 (Valle hovudbibliotek)

29. Trivsel i hagen : hageselskapets grunnbok
635; 1997 (Valle hovudbibliotek)

30. Trivsel i hagen : Hageselskapets grunnbok= hovedredaktører: Dagfinn Tveito og Knut Ove Hillestad; tekstredaktør: Mona Lande Olsen; billedredaktører: Knut Lønø og Mona Lande Olsen; mer enn 140 faglige medarbeidere
635; 1992 (Valle hovudbibliotek)

**31. Gaver fra hagen**
635; Westland, Pamela; 1999 (Valle hovudbibliotek)

32. Min første hagebok
uq635; Wilkes,Angela; c1992 (Valle hovudbibliotek)

33. Året rundt i øko-haven
635.048; Østergaard, Troels V; 1985 (Valle hovudbibliotek)

34. Din økologiske kjøkkenhage : Dyrking, blandingskulturer, vekstskifte, kompost, markdekke
635.048; Østergaard, Troels V; 1997 (Valle hovudbibliotek)

Ho hadde med fire bøker til programmet. Dei har eg merka med utheva skrift.

**Nynorsk litteraturpris**
I programmet 9. mai snakka vi om vinnaren av Nynorsk Litteraturpris for 2005. Han har skrive to bøker:

1. Ingen skal sove i natt : roman
Vågnes, Øyvind; 2003 (Valle hovudbibliotek)

2. Ekko : roman
Vågnes, Øyvind; 2005 (Valle hovudbibliotek)

Øyvind Vågnes er frå Sunnmøre, men arbeider no på Universitetet i Bergen. Det var bok nr. 2 som fekk Nynorsk Litteraturpris. Her er linkar:
Noregs Mållag si melding: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2158
Intervju i BT: http://www.bt.no/kultur/litteratur/article261782.ece
Bjarne Tveiten i FV: http://www.fvn.no/kulturpuls/litteratur/article287969.ece

Til vanleg er det eg som intervjuar Lisbeth i desse programma, men denne gongen var det ho som intervjua meg, ettersom eg hadde lese meir av boka enn ho. Men eg las ikkje heile boka, noko av det eg sa var basert på omtalane av boka. Vi snakka og litt om det prosjektet Vågnes no arbeider med på Universitetet i Bergen: Filmen om drapet på president John F. Kennedy. Både eg og Lisbeth hugsa kor vi var den dagen det hende, men det er ei anna sak.

Harald

Rugger i rosengang

Share

I tre program har Karin Bøe i Valle Vev delt med lyttarane i Valle radio litt av det ho fann ut då ho tok mastergrad i folkekunst i fjor vår på Høgskolen i Telemark avdeling Rauland. Studiet resulterte i ei avhandling på nesten hundre sider som ho kalla Rugger i rosengang. Her har ho fortalt om bruk og tradisjon, mønster og fargar i desse flotte vevnadene. I bindemønsteret rosengang fann ho 99 rugger i Valle og Bykle. Dei danna grunnlaget for analysen ho gjorde.

Om eg får høve til det, vil eg prøve å skrive ned frå samtalane eg hadde med Karin. Men for å dokumentere litt av det vi snakka om, tek eg med eit intervju eg gjorde med henne like etter at ho var ferdig med arbeidet. Det stod i Setesdølen i begynnelsen av august 2005:

**Ein særmerkt tradisjon**
**og ein dyktig tradisjonsberar**

Av Harald Haugland

I fjor tok Karin Bøe sveinebrevet i veving, i år plussa ho på med mastergrad i tradisjonskunst. Det var første kullet som gjekk ut frå høgskulen i Telemark, avdeling Rauland, i dette faget, og Karin Bøe fekk beste karakteren, som er A i det nye systemet, for ei mastergradsoppgåve ho kalla Rugger i rosengang. Som rettleiarar hadde ho professor Vidar Lande og høgskolelektor Mari Rorgemoen, medan den kjende kunstprofessoren Gunnar Danbolt var sensor og kom med gode ord til henne då ho tidleg i juni var oppe til munnleg eksamen.

-Det er klart eg var nervøs til eksamen, smiler ho, men samstundes visste eg at eg kunne ganske mykje om det stoffet eg hadde lagt opp til mastergradsoppgåva, så eg vona jo at det ville gå bra.

-Korleis har det gått til at ein kristiansandar som du har blitt så interessert i vevetradisjonen i Setesdal?

-Då eg kom til Valle for 10 år sidan som nyutdanna formingslærar og tok til på Hylestad skule, var eg interessert i veving. Difor kom eg fort i kontakt med folk som dreiv med dette, og etter kvart vart det til at eg prøvde å notere ned det dei fortalde når eg var rundt og snakka med folk og dei synte teppe til meg. Eg fekk og høve til å sjå og registrere teppe på auksjonar, og så auka interessa. Eg reduserte på lærarstillinga for å få tid til å veve, og for fem år sidan slutta eg som lærar og gjekk over til å veve på heiltid i vevstoga Valle Vev på Flateland, som eg alt hadde starta.

Parallelt med veving av kyrkjetjeld, åkle og ullteppe heldt Karin Bøe fram med å prate med tradisjonsberarar innan vev i Setesdal.

Takk til informantane
-Eg vil takke alle som har gitt meg informasjon. Det dei har fortalt, har hjelpt meg til å få innsikt i stoffet og kjennskap til ein særmerkt tradisjon, seier ho.

-Det er dette stoffet eg har nytta i mastergradsoppgåva mi, fortel Karin Bøe. -Etter kvart fann eg ut at eg måtte avgrense stoffet ganske mykje for at det skulle vere høveleg til oppgåva mi. Som munnlege kjelder har om lag 100 frå Bykle, Valle, Hylestad og Bygland som har vore informantar om rugger i rosengang. I løpet av dei åra eg har halde på med dette, har mange av dei eg tala med, gått bort, så det var på høg tid at noko vart gjort for å ta vare på denne delen av husflidskompetansen til kvinnene i Setesdal, meiner ho og fortel at det ikkje var skrive noko fagleg litteratur om emnet tidlegare.

Rugge
Rugge er altså dialektordet i Bykle og Valle for det teppet som låg over senga – kvila – i dei gamle stovene i Setesdal. I Hylestad og Bygland kalla dei teppet for brosse. Rosengang er eit bindemønster, og i Setesdal nytta ein særleg fire slike mønster, smøyg, kambevevnad, krokbragd og altså rosengang. Dette siste mønsteret var for hundre år sidan truleg ikkje så vanleg å veve, for elles i landet er det ikkje funne mange eksempel på denne vevnaden, som det altså er mykje av i Øvre Setesdal.

-Kvifor brukte dei rosengang?

-Det gjekk mindre garn, det var fortare å veve og mange meiner ein får finare mønster.

-Kva skal du nytte denne kunnskapen til?

-Det er først når ein har sett seg grundig inn i ein tradisjon at ein kan føre den vidare og fornye den. Eg får av og til spørsmål om eg kan veve rugger som folk vil ha i hyttene sine, og då er det viktig å kjenne tradisjonelle mønster og fargebruk.

Nybrott
-Dette er ein kvinnetradisjon som nesten ikkje finst fagleg litteratur om, og det er mykje meir å ta fatt i for den som vil ta arbeidet med å dokumentere denne delen av husflidstradisjonen i Setesdal, seier Karin Bøe. –Mitt inntrykk er at dette arbeidet blir lite prioritert og at det helst skal gjerast på dugnad. Det er veldig synd, for då kan lett den faglege tyngda ikkje verte med, seier ho og vonar at ho med tida kan få høve til å granske andre deler av stoffet på same måten. –Her er stoff nok til mange mastergradsoppgåver for den som vil arbeide med dette stoffet, sluttar ho.

Noreaprogramma veke 19 2006

Share

I **Over ein open Bibel** denne veka valde eg å sende andakten som skulle ha vore i veke 15. Pet Karlsen, tidlegare Noreamedarbeidar, no pensjonist, tala om påskeopplevingane til læresveinane. Her er andaktssida hennar, der du kan høyre alle andaktane ho hadde denne veka: http://norea.no/page.php?mtid=44&elid=1528

I **Noreamagasinet** var det tre oppslag:
1. Ein prat med Israels ambassadør Miryam Shomrat. Linkar:
Aftenposten 25. august 2005: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article1102387.ece
Norge i dag 2.9.05
http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=8200
Israels ambassade
http://oslo.mfa.gov.il/mfm/web/main/missionhome.asp?MissionID=50&

2. Trans World Radio i Kambodsja
Lager kristne barneprogram. Vi var med på barnemøte utanfor Phnom Penh.

3. Superblink
Denne klubben for barn på Internett får skryt frå Barnevakten.
http://norea.no/page.php?mtid=34&elid=1806
På same sida er det link til kva 5. klassingar meinte. Og på sida norea.no er det link til heimesida til klubben.

I staden for **Møteplassen** sende eg eit par innslag om ekteskap av Asbjørn Kvalbein. Litt av det han sa, finn du her:
http://norea.no/page.php?mtid=56&elid=1440
På norea.no finn du fleire av Kvalbein sine tekstar.

Tankar over ein blogg

Share

Det har diverre vorte litt **lang tid mellom innlegga** på bloggen no. Dagane har vorte for korte, og då er det vanskeleg å rekke å skrive på bloggen etter kvart som sendingane i radioen kjem. Likevel har det vore **mange besøk** på bloggen siste veka, over hundre på ei veke, med eit par hundre sidevisningar, er ikkje dårleg.

Til høgre på sida finn du noko som heiter **RSS**. Dersom du har dette programmet i din maskin, kan du organisere blogglesing slik at du får melding når denne bloggen vert oppdatert. Det vil gjere det lettare for deg å fylgje med på skrivinga.

Helst skulle eg skrive noko kvar dag, slik at når du kom innom kvar dag, var det nytt stoff. Det har eg ikkje klart å halde i det siste. Men eg vonar jo framleis å få det til, og det er **inspirerande** for meg å sjå at bloggen fyller ein trong. Sidan 1. november har det vore 17.500 sidevisningar og nesten 1600 besøk.

Bloggen har no vore i drift eit halv år og ein halv månad. Eg har skrive 175 innlegg, i snitt er det nesten 30 innlegg i månaden. Det er blitt **ein god dokumentasjon på aktiviteten i radioen**, sjølv om eg ikkje har makta å dekka alt som har vore i sendingane.

Å gjere radio **interaktiv**, er jo eit mål. Vi vil gjerne ha kontakt med lydarane. Det er grunnen til at vi har Open sending, då får vi litt respons tilbake. På bloggen har det ikkje vore mykje respons frå lydarane. Det er mogleg å skrive ein kommentar, men til no er det bare kome 9 kommentarar på dei 175 innlegga. Utanom dei 9 som du kan sjå til høgre på sida har det kome nokre kommentarar som eg har sletta. Mellom anna har det vore kommentarar på engelsk om tema som ikkje har noko med oppslaget på bloggen å gjere, men som tvert imot har vore relatert til ting som ikkje har noko med Valle radio å gjere. Dei har eg sletta så fort eg har oppdaga dei.

Likevel vil eg oppfordre **deg som høyrer på Valle radio og som les bloggen** til å skrive kommentar. Det vil gjere bloggen rikare og meir interessant for andre lesarar. Ta kontakt på mail om du har noko du vil seie til meg direkte.

Harald