17. mai 2006 – Tale for dagen på Rysstad

Share

**GUNNAR STUBSEID** skriv i epost der han sender talen:

Hugs at dette er grunnrisset – eg la nok til litt her og der på direkten – frå talarstolen.

Gratulerer med dagen!

Når ein blir beden om å halde 17. mai-tale og svarar positivt på det, gjer ein det kanskje før ein har tenkt godt nok over reint konkret kva talen skal innehalde. 17. mai er liksom eit tema for seg – tenkjer vel dei fleste – det er 1814, grunnlova, Henrik Wergeland, bunader, glade barn med sløyfer og norske flagg, hipp hipp hurra og lovprising av det som er norsk og verdien av at vi som nordmenn vart herre i eige hus og at 400-årsnatta under dansk styre og stell var over. At me fekk konge saman med svenskane og måtte la dei styre med utanrikspolitikken i endå neste hundre år har liksom ikkje vore så viktig når ein feira 17. mai. Og det var vel heller ikkje så viktig, sjølv om me i fjor kunne feire 1905 og den endelege fridomen og sjølvstende for landet vårt.

For oss som har levd ei stund er 17. mai svært ulikt alt etter kva fase i livet ein er. Eg kom til å tenkje på dette då eg sette meg ned og skulle skrive denne talen – og blei faktisk overraska over kor ulik 17. maidagen kan vere alt etter kvar ein er og i kva slags livssituasjon ein er. Eg vil difor i første delen av talen vere litt personleg:

**17. mai som barn**
Eg voks opp på Austad, og der var ein 17.-maidag og ei feiring som i dag er soge:
Me samlast – unge og eldre – i Heistadtunet (Nordgarden på Heistad) – eg trur i eitt-tida – då hadde nokre alt hatt ein halv arbeidsdag dersom det var noko som måtte gjerast på garden – og stilte opp i tog for å gå dei tre kilometerane ut til ungdomshuset på Austad. Fana til Austad Ungdomslag var fremst i toget, og me song av full hals alle 17. maisongane og salmane. Papa, som var lærar og klokkar, var forsongar og leidde dei heile, og alle song med etter beste evne. Me hadde ikkje songbok, songane kunne me. Så var det stopp ved kvart hus som hadde flagget oppe, og vi vende oss mot flagget og ropa 3 gonger hurra. På den store gravhaugen i sørgarden på Heistad stod det flaggstong før, og alle gjekk opp på haugen og song ”No livnar det i lundar”. Gjennom skogen mellom Austad og Heistad song me ikkje så mykje – stemmene måtte sparast på. I Plasset, som den nørste garden på Austad heiter, sat Gamle-Grunde ute på trappa og venta på 17.maitoget. Her song me allstøtt «Enno ein gong fekk eg vetren å sjå…» og så svinga Gamle-Grunde med huva. Ved den gamle kyrkjegarden stogga me, senka flaka og song ”Her ligg dei grav i grav”. Så var det å gå ut på Oddebrotet og helse over til Ose, rope 3×3 hurra, og så opp til Ungdomshuset der feiringa var. No var det mat å få – alle hadde med seg niste og dei vaksne fekk kaffi. Og no kom det einaste ”urbane” innslaget for oss som var ungar – is, pølser og slike ting hadde me knapt høyrt om – me fekk kjøpe brus! Ubegrensa med brus – me hadde heile lagerbehaldningane med gul- og raudbrus i buskane rundt ungdomshuset. Lageret varde i mange dagar….

Resten av dagen var det idrottsleikar – 60-meteren, lengdehopp, 3-steg og stikkhopp (som me sa – høgdehopp). Og dette var ikkje berre for ungane – både vaksne og ungdomane var med. Og alle fekk premie. Høgdepunktet var når dei tidlegare sportstjernene frå Heistad stilte opp – Sigurd Heistad (”Sportsmannen”), Hallvard Slettevollen, Hallvard og Gunnar Grundesson og fleire – dei kom på slutten og laga eit klimaks i tevlingane. Og alltid var det gode kommentarar både blant deltakarane og publikum når desse karane synte gamle kunster…

**Neste 17-maiperiode** for meg var gymnastida. Då var det nok ikkje akkurat raud- og gulbrus som låg i buskane kring ungdomshusa i den tida. Men denne tida var spennande, og for meg som på den tid spela gitar og vart hyra inn som musikar i russeorkestera fleire år på rad var dette nye og sterke opplevingar. For å seie det slik – den nasjonale musikken med ”dei gamle fjell i syningom” kom vel litt i bakgrunnen, no blei det swing, tango, foxtrott og vals som stod i det musikalsk sentrum.

Studietida hadde eg i Bergen. Der møtte eg **den urbane 17. maifeiringa**. Den var fullstendig annleis enn den eg kjende frå tidlegare – og for meg som var ein enkel landsens gut – vart dette nærast ei sjokkarta oppleving. Den Bergenske Måten å feire 17. mai på er ekstremt urban og borgarleg. Der går 17.maikomiteen fremst i borgerprosesjonen – det heiter det i Bergen – og alle mennene i 17.maikomiteen har flosshatt den dagen. Så kjem dei ulike lag og foreiningar med sine faner – og så har dei alle ”buekorpsene” med sine eigne uniformer, armbrøst og trommevirvelar, – og sjølvsagt barnetog. Dette har gamle tradisjonar – bergensarane var blant dei første som begynte å feire 17. mai – dei tok til alt i 1820-åra. 17- mai komiteens formann helsar i sin tale folket med ”Kjære byborgere. Atter er dagen oprunden”, og så syng dei, ståande med tårer i augene, sin eigen nasjonalsong:
”Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde;
Sorgen forgikk mig på Ulrikens top”.

Men før dette er det 17-mai-frukost hjå alle Bergens borgarar (og denne skikken tok sjølvsagt vi studentane etter) – med god mat, øl og dram. Og så var det alltid godt vér i Bergen 17. mai – og ingen by på denne jord er så frodig og vakker som Bergen om våren i mai!!

For i Bergen heiter det: ”Eg e´kje fra Norge. Eg e`fra Bergen”.

Så kjem **perioden med små born**. Alle som har små born veit at 17. mai er noko spesielt. I denne perioden er det borna som står i sentrum, og det skal leggjast tilrette for at borna skal få oppleve denne dagen på ein mest positiv måte. Det heiter jo heilt frå Wergelands- og Bjørnsons tid at dette skal vere barna sin dag. Desse åra er jo fine minne, og står som ein eigen periode i liva våre.

Så kjem **tida då borna er vaksne**, dei feirar 17. mai på sin måte, og vil helst ikkje ha så mykje med foreldra å gjere denne dagen utan at det er greitt å kome innom heime og sove litt, dusje og få mat når det passar dei. Dette er vel velkjende tilhøve for dei fleste av oss. Og slik må det vel vere – inntil det på nytt kjem små barn som du som gome eller gofa skal ta deg av på 17. mai. Den perioden har ikkje kome til meg ennå.

Så står vi att med spørsmålet: Kva er 17. mai for oss i den mellomperioden mange av oss er i nett no? Sjølvsagt skal vi feire og gle oss over fridom, sjølvstende og at me lever i eit rikt og godt land som er blant dei aller beste i verda – men er det andre ting me kan leggje i denne dagen som kan minne oss om at kanskje er ikkje alt berre velstand og fridom på denne vakre kloden vår. Kan me kanskje leggje eit litt større perspektiv i denne dagen enn det reint nasjonale – og kan me seie at når vi har fått fridom og sjølvstende, forpliktar dette oss til å ta del i det som skjer rundt omkring i verda i dag?

Den kalde krigen tok slutt med Berlinmurens fall i 1989. Eg var faktiske i Aust-Tyskland på ein festival – i Rudolstadt – berre månader før muren fall, og det var fantastisk å merke den stemninga som låg i lufta – det var ein optimisme å merke blant dei aust-tyske artistane og arrangørane – dei sa like ut at no skjedde det store ting om ikkje lenge. Dei visse kva som ville kome til å skje. Og for heile verda var jo dette noko av det største som hende i førre hundreåret.

Men når eit fiendebilete fell, kjem eit nytt i staden. No er det ikkje ideologiane som krigast, det er religionane. Fundamentalistane – på mange kantar – er det største trugsmålet i vår tid. Me definerer oss – og dei andre. Og dei andre er farlege.

Vi fekk grunnlova vår i 1814. Men grunnlova var ikkje perfekt den gongen – det var mellom anna ein paragraf – den såkalla jødeparagrafen – som nekta jødar tilgang til riket. Jødar hadde ikkje tilgang til Norge før i 1851 – den 13. juni det året gjorde Stortinget vedtak om å stryke denne bestemmelsen. I dag vil me vel riste litt på hovudet at ein i det heile kunne finne på å lage ein paragraf med dette innhaldet. Men dersom me er heilt ærlege – ligg det ikkje litt etniske rasefordomar i nokon kvar av oss også i dag? Ein kan kanskje minne om Meistarens ord – ”den som kan seie seg heilt fri kan kaste den første steinen…”

Det er Ibsen-år i år – for 100 år sidan døydde den verdskjende diktaren, som ved sida av Shakespeare er den dramatikaren som vert spela mest over heile jordkloden. Ibsen hadde, som me veit, mykje motgang, både som barn og i ungdommen. Han vart ”oppdaga” av Ole Bull, som såg talentet tidleg og tilsette han, 23 år gamal – som første teatersjef ved Det Norske Teatret i Bergen. Etter 6 år i Bergen – viktige år for han – reiste han i 1857 tilbake til Christiania for å arbeide som artistisk direktør ved Christiania norske Theater. Men åra frå 1857 til 1864 blei nokre av hans verste. Økonomien til teateret var dårlig, og i 1862 gikk det konkurs. Han møtte også motstand i samband med skodespela sine, og desse nederlaga gjorde han bitter til det norske samfunnet, som han så på som trongsynt.

Heldigvis – må me seie i dag – fekk han hausten 1863 eit reisestipend av regjeringa, og året etter drog han sørover. Bortsett frå et par kortare besøk, kom han ikkje tilbake til Noreg før det hadde gått 27 år. Mesteparten av denne tida budde han i Italia og Tyskland, og det var her han skrev de fleste av skodespela som har gjort ham til – ikkje berre Noregs – men ein av verdas største forfattar. Først kom Brand (1866) og eitt år seinare Peer Gynt.

Eg nemner Henrik Ibsen her, fordi eg meiner har mykje å seie oss også i vår tid. Spesielt om våre haldningar og syn på dei som er annleis og meiner annleis enn me gjer. I Brand tek han opp den religiøse fundamentalismen i si fulle breidde. No skal teatret vårt her i Agder – Agder Teater – setje opp dette stykket på friluftsscenen i steinbrotet ved Grimstad i sommar – og mi oppmoding til alle må vere: Tak turen til Grimstad og sjå dette meisterverket!

Mitt ynskje for dagen må vere at me kvar og ein går litt inn i oss sjølve – me som har vore så heldige å vakse opp i og få bu eit fritt og rikt land – og tenk på alle dei rundt omkring oss som ikkje får del i vår velstand og vår fridom. Fridomen forpliktar også. Me har ikkje lov til å lage oss generelle fiendebilete om dei andre – som trur og meiner annleis enn me gjer – og soleis skape avstand og intoleranse. Lat oss bruke dagen på ein positiv måte – i fridomens og toleransens ånd!

Til lukke med dagen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *