"Fred er ei det beste, men at man noget vil"

Share

I sendinga i Valle radio onsdag 24. mai kl. 20.00 hadde Bjørgulv T. Berg med seg Pål Dale og Tarald Myrum for å snakke om **korleis Sesilåmi kan utviklast til næringstiltak.** I Setesdølen fredag 26. mai hadde Pål dette innlegget, som eg har fått lov å legge ut på bloggen:

I saka om Sesilåmi si framtid vil eg bruke Bjørnsons ord om at «fred er ei det beste, men at man noget vil». I denne saka bør ein likevel kunne ha eit fredeleg samarbeid, men samtidig ville noko. Sjølv om det er midt i «verkje» (våronna), skal eg orientere om bakgrunnen for forslaget om å vidareutvikle Sesilåmi.

I forbindelse med regionrådet sitt representantskapsmøte var forfattar Paal-Helge Haugen invitert til å tale om utviklinga, både i Setesdal og i eit globalt perspektiv der han såg mulighetene føre seg. Det var viktig å gripe mulighetene, meinte han. Han nemnde at kultur- og næringspolitisk satsing er verdt å prøve seg på. Paal-Helge Haugen understreka då at ein må byggje på det ein hev, men det måtte ikkje bli for puslete, det me driv med i Valle. Han meinte at det var mest berre rullatorar han såg når han kom til Valle i dag.

**Gøymde orda i hjartet**
«Mennesket er til alle tider ved ein skiljeveg,» vert det sagt. Eg gøymde ein del av foredraget i hjarta og grunna på det. Som medlem av tiltaksnemnda, kulturutvalet og formannskapet sende eg eit brev til Valle kommune ved kulturrådgjevar Hege sandhaug. Det var 15. april 2006. Saka var tidlegare omtala i Setesdølen og NRK Sørlandssendinga. Eg hadde og to telefonsamtalar der eg utveksla synspunkt med rennleiar Oddbjørn Elve i Sirdal. Som politikar var det ikkje naturleg for meg å gå til dei andre idrottslaga før me lokalt hadde hatt ein runde for å avklåre om dette kunne vere noko å satse på. Det var uråd på førehand å vite om Valle IL i grove trekk ville slutte seg til dei punkta eg hadde sett opp i brevet.

**Tanken om 3000 til 4000 deltakarar**
I brevet til kommunen skreiv eg mellom anna:
Sender nokre tankar som medlem av tiltaksnemnda slik at de kan få sjå vegen vidare og om det er verdt å satse på. Neste år er det 30-årsjubileum for Sesilåmi. Mitt forslag er å gripe sjansen i staden for å tenkje begrensningar. Her er det viktig å byggje på noko ein har og prøve å få det opp i 3-4000 deltakarar.

Vidare i brevet skriv eg at eg tek med nokre konkrete tankar:
*Samarbeid mellom Bygland, Valle og Sirdal som i dag.
*Vurdere start laurdag.
*Godt oppkøyrde spor tidleg på vinteren, så låma kan trenast i tre-fire helger før start. Dette vil og styrkje overnattingsbedriftene og generere inntekter til Valle og Brokke som skisenter.
*Skape nye arbeidsplassar. Birkebeinarrennet har i dag fem heilårsarbeidsplassar bare på Rena.
*Sponsorar som kan marknadsføre seg i Brokke-området.
*Studietur til Rena.
*Kjende skiløparar frå Sørlandet som deltakarar.
*Kjell Kristian Rike som speaker.

**Viktig og godt møte**
På bakgrunn av dette brevet sende kulturrådgjevar Hege sandhaug innkalling til møte torsdag 14. mai kl. 19.00 i formannskapssalen. Kopi vart og sendt til leiar i Valle IL, Tarald Myrum og kasserar i laget, Valborg Nomeland.

Dette møtet var viktig for å leggje fram tankar før fellesmøtet mellom idrottslaga som samarbeider om Sesilåmi. Frå Valle IL møtte Tarald Myrum, Erling Sagneskar, Bjarne Bratteland og Dreng Rike. I tillegg møtte Hege Sandhaug og Pål Dale. Dette var eit særs godt møte, også med nye og gode innspel.

**Jon på Lista**
Jon Lund på Lista hadde og eit lesarinnlegg i Setesdølen for nokre år sidan der han meinte me måtte få meir blest om ski- og langrennssatsing i Valle. Han nemnde då 50-kilometeren i 1936, der OL- og verdsmeister Lars Bergendahl deltok i Berg i Valle. Då var Gjermund Nomeland aktiv, og det var han som fekk rennet i stand. Jon Lund skreiv og at Dreng Viki fekk æra av å knyte startnummeret på Lars Bergendahl og at Valhall var open heile natta før rennet, så oppladninga skulle vere i orden.

**Ikkje berre eit utspel**
Mitt håp er at dette ikkje berre blir eit utspel sjølv om Kåre Flateland meinte at det var så godt at eg kunne bruke det i valkampen i 2007. Eg vonar tvert om at det kan føre til auka oppslutning om det årvisse rennet, der ungdommen og er å finne på startlistene.

Her er det viktig å velje rett spor, men ordtaket seier og at sjølv omvegar av og til kan gjerast kortare. Endåtil i 17.-mai-talen i Valle nemnde Bjørgulv Sverdrup Lund noko om Sesilåmi og startområdet i Brokke, der det no er bygd fleire kilometer med ljosløype. Med så grei startarena såg han også muligheter for å utvikle skirennet og auke oppslutninga om arrangementet.

Sportsleg helsing **Pål Dale**

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *