Hageprat 10. mai 2006

Share

Ørnulf hadde sett av ein heil time til dette og hadde fått med seg hageentusiast og leiar av Valle hagelag, Øyvind Jacob, til denne praten.

Dei starta med å snakke saman om kva tid ein skal **beskjære frukttre**. Moreller er seint på sommaren, tidleg haust, medan epler er sein vinter eller tidleg vår, før sevja stig.

Ørnulf lurte så på kva Øyvind gjorde for å **førebu ein god sesong**. Han svara at han prøvde å få vekk rusk og rask frå sist sesong. Roser treng godt dekke om vinteren, iris har eit voldsomt bladverk.

Flammentanz er ein rosesort som høver godt her, og Øyvind meinte at **roser** med H3-4 går godt i Valle, til og med H2 kan fungere fint, medan planter som har H8 tåler kva som helst. Likevel er det vanskelege vekstvillkår inntil ein vegg.

Øyvind snakka også om **Agromarin**, eit nytt stoff som han brukte til å gjødsle med og som gav god vekst. Her er heimesida til det stoffet, som kan kjøpast hos Primaflor, Mjåvannsv. 35, 4628 Kristiansand, telefon 38 18 54 20 http://www.agromarin.no/index.html

Elles var Øyvind for å bruke **stauder**, fleirårige planter. Til byttedagen i hagelaget ville han ta med stauder og bytte med andre hagefolk. Dei snakka og litt om humle, som treng stålstreng å klatre etter. Så snakka dei om buskar og nemnde **buksbom** som ein god busk å ha i hagen, anten som hekk eller frittståande.

I innleiinga hadde dei sagt at dei tok imot telefonar, og då ringde eg til radioen for å seie at eg ikkje likte buksbom fordi den hadde så mange kvasse piggar. Men då lurte Øyvind på om eg ikkje tenkte på **berberis**, då kunne han vere einig med meg. Så eg dumma meg kanskje litt ut, men eg var den einaste som ringde inn i programmet.

Vi snakka vidare om påskeliljer, om krokus og kvitveis og hadde ein triveleg prat. Etter at eg la på, kom dei og inn på **isbrann** i hagen. Øyvind meinte at det truleg var best å ta opp og så i på nytt, det tok ikkje så lang tid før nytt gras kom opp. Var det små flater med isbrann, reparerte som oftast graset seg sjølv, men det tok lenger tid.

Det var ein triveleg prat om eit aktuelt tema denne kvelden.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *