Kåseriet tysdag 30. mai 2006

Share

Denne veka har eg ei glad historie å fortelje, men den starta trist. I januar 2006 brant ei kyrkje i Chicago, Pilgrim Baptist, heiter den. Meir om kyrkja kan du finne her:
http://en.wikipedia.org/wiki/Pilgrim_baptist_church
Mannen som skreiv den kjende Take my hand, Precious Lord, Thomas A. Dorsey var musikalsk leiar her frå 1932 til slutten av syttitalet. Han vart kalla far til gospelmusikken. Eg og Bjørgulv T. Berg har hatt mange program om gospel her i Valle radio. Difor las eg litt meir om dette på Internett.

Så fann eg ei bok om han. Den heiter Michael W. Harris, The Rise of Gospel Blues: The Music of Thomas Andrew Dorsey in the Urban Church Oxford University Press, 1992, ISBN 0193090378. Eg kjøpte den i januar og vart inspirert av å lese om Dorseys liv og arbeid med musikk.

Ei anna bok om same emnet fann eg og: Bernice Johnson Reagon, We’ll Understand It Better By And By: Pioneering African-American Gospel Composers Smithsonian Institution, 1992, ISBN 1560981660. Då eg søkte etter boka på http://dogbert.abebooks.com/ fann eg at eg kunne få den billegast frå ein bokhandel i Malaysia, Pay Less Books Malaysia Puchong, Malaysia. Der kosta boka bare tre og ein halv dollar, frå USA kunne eg få den for 30 dollar. Frakta frå Malaysia til Noreg var seks dollar, til saman under ti dollar. Sjølv om Malaysia er langt borte, valde eg å bestille boka. Det skulle ta opp til 45 arbeidsdagar å få den, og abebooks meinte at eg ville ha den innan 26. april.

I begynnelsen av mai var det gått hundre dagar, då skreiv eg til bokhandlaren i Puchong og sa at boka ikkje var komen. Eg fekk svar tilbake om at eg burde klage gjennom abebooks, så ville eg få refundert utlegg. Men eg venta noko med det, «eg har fått alle bøkene eg har kjøpt gjennom dette systemet», sa eg til meg sjølv. 23. mai låg ho i postkassen. Papiret ho var pakka i, var gått i stykker, så Posten Norge hadde lagt ho i ein plastpose før dei sende ho til Mandal. Men der låg ho. Det var bare å begynne å lese.

På denne bakgrunnen valde eg å starte kåseriet med Jim Reeves som song Whispering Hope, skriven av Septimus Winner under pseudonymet Alice Hawthorne. http://www.cyberhymnal.org/htm/w/h/i/whisperh.htm
Heile våren har eg gått med eit håp om å få boka, og no kom ho. Då kunne eg slutte kåseriet med «Take My Hand, Precious Lord», også den sungen av Jim Reeves.
http://en.wikipedia.org/wiki/Take_My_Hand%2C_Precious_Lord

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *