Rugger i rosengang

Share

I tre program har Karin Bøe i Valle Vev delt med lyttarane i Valle radio litt av det ho fann ut då ho tok mastergrad i folkekunst i fjor vår på Høgskolen i Telemark avdeling Rauland. Studiet resulterte i ei avhandling på nesten hundre sider som ho kalla Rugger i rosengang. Her har ho fortalt om bruk og tradisjon, mønster og fargar i desse flotte vevnadene. I bindemønsteret rosengang fann ho 99 rugger i Valle og Bykle. Dei danna grunnlaget for analysen ho gjorde.

Om eg får høve til det, vil eg prøve å skrive ned frå samtalane eg hadde med Karin. Men for å dokumentere litt av det vi snakka om, tek eg med eit intervju eg gjorde med henne like etter at ho var ferdig med arbeidet. Det stod i Setesdølen i begynnelsen av august 2005:

**Ein særmerkt tradisjon**
**og ein dyktig tradisjonsberar**

Av Harald Haugland

I fjor tok Karin Bøe sveinebrevet i veving, i år plussa ho på med mastergrad i tradisjonskunst. Det var første kullet som gjekk ut frå høgskulen i Telemark, avdeling Rauland, i dette faget, og Karin Bøe fekk beste karakteren, som er A i det nye systemet, for ei mastergradsoppgåve ho kalla Rugger i rosengang. Som rettleiarar hadde ho professor Vidar Lande og høgskolelektor Mari Rorgemoen, medan den kjende kunstprofessoren Gunnar Danbolt var sensor og kom med gode ord til henne då ho tidleg i juni var oppe til munnleg eksamen.

-Det er klart eg var nervøs til eksamen, smiler ho, men samstundes visste eg at eg kunne ganske mykje om det stoffet eg hadde lagt opp til mastergradsoppgåva, så eg vona jo at det ville gå bra.

-Korleis har det gått til at ein kristiansandar som du har blitt så interessert i vevetradisjonen i Setesdal?

-Då eg kom til Valle for 10 år sidan som nyutdanna formingslærar og tok til på Hylestad skule, var eg interessert i veving. Difor kom eg fort i kontakt med folk som dreiv med dette, og etter kvart vart det til at eg prøvde å notere ned det dei fortalde når eg var rundt og snakka med folk og dei synte teppe til meg. Eg fekk og høve til å sjå og registrere teppe på auksjonar, og så auka interessa. Eg reduserte på lærarstillinga for å få tid til å veve, og for fem år sidan slutta eg som lærar og gjekk over til å veve på heiltid i vevstoga Valle Vev på Flateland, som eg alt hadde starta.

Parallelt med veving av kyrkjetjeld, åkle og ullteppe heldt Karin Bøe fram med å prate med tradisjonsberarar innan vev i Setesdal.

Takk til informantane
-Eg vil takke alle som har gitt meg informasjon. Det dei har fortalt, har hjelpt meg til å få innsikt i stoffet og kjennskap til ein særmerkt tradisjon, seier ho.

-Det er dette stoffet eg har nytta i mastergradsoppgåva mi, fortel Karin Bøe. -Etter kvart fann eg ut at eg måtte avgrense stoffet ganske mykje for at det skulle vere høveleg til oppgåva mi. Som munnlege kjelder har om lag 100 frå Bykle, Valle, Hylestad og Bygland som har vore informantar om rugger i rosengang. I løpet av dei åra eg har halde på med dette, har mange av dei eg tala med, gått bort, så det var på høg tid at noko vart gjort for å ta vare på denne delen av husflidskompetansen til kvinnene i Setesdal, meiner ho og fortel at det ikkje var skrive noko fagleg litteratur om emnet tidlegare.

Rugge
Rugge er altså dialektordet i Bykle og Valle for det teppet som låg over senga – kvila – i dei gamle stovene i Setesdal. I Hylestad og Bygland kalla dei teppet for brosse. Rosengang er eit bindemønster, og i Setesdal nytta ein særleg fire slike mønster, smøyg, kambevevnad, krokbragd og altså rosengang. Dette siste mønsteret var for hundre år sidan truleg ikkje så vanleg å veve, for elles i landet er det ikkje funne mange eksempel på denne vevnaden, som det altså er mykje av i Øvre Setesdal.

-Kvifor brukte dei rosengang?

-Det gjekk mindre garn, det var fortare å veve og mange meiner ein får finare mønster.

-Kva skal du nytte denne kunnskapen til?

-Det er først når ein har sett seg grundig inn i ein tradisjon at ein kan føre den vidare og fornye den. Eg får av og til spørsmål om eg kan veve rugger som folk vil ha i hyttene sine, og då er det viktig å kjenne tradisjonelle mønster og fargebruk.

Nybrott
-Dette er ein kvinnetradisjon som nesten ikkje finst fagleg litteratur om, og det er mykje meir å ta fatt i for den som vil ta arbeidet med å dokumentere denne delen av husflidstradisjonen i Setesdal, seier Karin Bøe. –Mitt inntrykk er at dette arbeidet blir lite prioritert og at det helst skal gjerast på dugnad. Det er veldig synd, for då kan lett den faglege tyngda ikkje verte med, seier ho og vonar at ho med tida kan få høve til å granske andre deler av stoffet på same måten. –Her er stoff nok til mange mastergradsoppgåver for den som vil arbeide med dette stoffet, sluttar ho.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *