Tankar over ein blogg

Share

Det har diverre vorte litt **lang tid mellom innlegga** på bloggen no. Dagane har vorte for korte, og då er det vanskeleg å rekke å skrive på bloggen etter kvart som sendingane i radioen kjem. Likevel har det vore **mange besøk** på bloggen siste veka, over hundre på ei veke, med eit par hundre sidevisningar, er ikkje dårleg.

Til høgre på sida finn du noko som heiter **RSS**. Dersom du har dette programmet i din maskin, kan du organisere blogglesing slik at du får melding når denne bloggen vert oppdatert. Det vil gjere det lettare for deg å fylgje med på skrivinga.

Helst skulle eg skrive noko kvar dag, slik at når du kom innom kvar dag, var det nytt stoff. Det har eg ikkje klart å halde i det siste. Men eg vonar jo framleis å få det til, og det er **inspirerande** for meg å sjå at bloggen fyller ein trong. Sidan 1. november har det vore 17.500 sidevisningar og nesten 1600 besøk.

Bloggen har no vore i drift eit halv år og ein halv månad. Eg har skrive 175 innlegg, i snitt er det nesten 30 innlegg i månaden. Det er blitt **ein god dokumentasjon på aktiviteten i radioen**, sjølv om eg ikkje har makta å dekka alt som har vore i sendingane.

Å gjere radio **interaktiv**, er jo eit mål. Vi vil gjerne ha kontakt med lydarane. Det er grunnen til at vi har Open sending, då får vi litt respons tilbake. På bloggen har det ikkje vore mykje respons frå lydarane. Det er mogleg å skrive ein kommentar, men til no er det bare kome 9 kommentarar på dei 175 innlegga. Utanom dei 9 som du kan sjå til høgre på sida har det kome nokre kommentarar som eg har sletta. Mellom anna har det vore kommentarar på engelsk om tema som ikkje har noko med oppslaget på bloggen å gjere, men som tvert imot har vore relatert til ting som ikkje har noko med Valle radio å gjere. Dei har eg sletta så fort eg har oppdaga dei.

Likevel vil eg oppfordre **deg som høyrer på Valle radio og som les bloggen** til å skrive kommentar. Det vil gjere bloggen rikare og meir interessant for andre lesarar. Ta kontakt på mail om du har noko du vil seie til meg direkte.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *