Valle radio 17. mai

Share

Nedanståande pressemelding vart sendt til Setesdølen. Den danna grunnlag for det som stod i avisa 16. mai. (Det var ikkje plass til alt, men litt av det kom på trykk).

17. mai vil vi prøve å få gjere opptak frå ulike arrangement og så lage ei sending om kvelden, seier Harald Haugland i Valle radio til Setesdølen.

-Programmet for dagen sluttar på ettermiddagen, så når klokka vert 18 er det ikkje mykje att av dagen. Då kan det vere hyggeleg å reflektere over det som har skjedd. Eg skal prøve å ta meg rundt i Øvre Setesdal denne dagen og gjere opptak frå ulike arrangement. Desse vil eg så sende i radioen om kvelden, fortel han.

Valle radio får god hjelp frå Norea Radio til ulike program med kristent innhald. I tysdagssendinga brukar ein å ha både Over ein open Bibel, Noreamagasinet og Møteplassen, som alle er program frå Norea. I vår har dei starta med eit tilbod som dei kallar Oppmuntring og ettertanke. Det er webpastoren i Norea, Asbjørn Kvalbein, som står for desse programma. Mot slutten av kvelden 17. mai vil vi bruke noko av det stoffet, seier Harald Haugland, som sjølv skal vere teknikar i sendinga. -Difor vert det ikkje Open sending med telefonar og rebusar. Men dersom det melder seg ein teknikar og vi får nokon som vil vere telefonvakt, vil vi kanskje endre på det. Den som set på radioen, vil finne ut. I så fall vil det jo vere naturleg å lage oppgåver knytta til 17. mai og å snakke med dei som ringjer inn om dagen og feiringa, sluttar han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *